Velkomen til statsborgarseremoni
Er du ny norsk statsborgar? Statsforvaltaren inviterer alle nye statsborgarar som har fylt 12 år, til statsborgarseremoni.
Har du fått invitasjon?
Alle innbyggarar i Vestfold og Telemark som har blitt norsk statsborgar i perioden 15.8.24 til 15.8.25, skal no ha fått invitasjon til statsborgarseremoni.
I år har invitasjonane til statsborgerseremoni blitt sendt ut elektronisk med Digipost. Dei som ikkje har elektronisk postkasse, vil få invitasjonen med vanleg post. Så hugs å sjekke din Digipost eller i postkassa di!
Seremoniar
- Telemark: Søndag 21. september – I Ibsenhuset i Skien
- Vestfold: Søndag 28. september – I Oseberg kulturhus i Tønsberg
Påmelding
Alle som inviteres må melde seg på, så ta kontakt med oss på telefon: 33 37 11 20 dersom du ikke har mottatt invitasjon.
Kvifor statsborgarseremoni?
Målet med statsborgarseremonien er å ynskje nye statsborgarar velkomen og markere at nye medlem vert teke opp i det norske fellesskapet. Seremonien er ein festdag, og du bestemmer sjølv om du vil delta eller ikkje.

Foto: Malek Abulafaish
Sist oppdatert
