Nytt skuleår på Seljord folkehøgskule

Folkehøgskuleåret 2025/2026 er i gang

Søndag 24. august opna folkehøgskulen det nye skuleåret, og over 60 nye elevar vart møtt med ein varm velkomst av dei tilsette i vakre Seljord. Ordførar Solveig Abrahamsen ønska dei hjarteleg velkomne og delte inspirerande ord om moglegheitene i bygda.

Elevane er no i gang på dei fem linjene innan musikk, musikal, handverk og friluftsliv – og har allereie byrja å bli kjende med kvarandre og lokalsamfunnet.

Vi gler oss til eit år fullt av læringslyst, fellesskap og gode opplevingar, seier rektor Kristine Rønning ved Seljord folkehøgskule.

Vi ynskjer elevane velkome til Seljord og lykke til med eit spennande folkehøgskuleår!

Tilsette Foto privat

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?