Brøløs som miljøgate - skifte av trær

Arbeidet i Brøløsvegen nærmar seg no slutten, og det blir lagt siste hand på verket med kantstein, asfalt og grøntområde. Målet er å ha mest mogleg klart til Dyrsku'n, og stein- og grøntarbeid blir ferdigstilt fortløpande etter kvart som områda står klare. Asfaltering er planlagt i veke 35.

Lindetrea som står langs vegen har dessverre fått store skadar på røtene etter arbeid i vinter. Dette gjer at fleire tre står ustøtt, og det er stor fare for at det har gått råte i dei. For å sikre tryggleik og eit fint, heilskapleg preg i gata, blir trea no bytta ut med nye.

Gartnarfagleg vurdering viser etter synfaring at mange av trea har fått store skadar. Dette gjer ar vi dessverre må hogge ned omlag 15 trær nå, og nye trær vil bli planta i samanheng med sluttarbeidet i rabattane nå i haust.

Når planting og grøntarbeid er fullført, vil vi merke opp nye overgangsfelt og setje opp skilting og lys – slik at Brøløsvegen blir både penare og tryggare for alle som ferdast der.

Vi trur denne ekstra opprustinga blir veldig bra og vil vere viktig for alle som er på eller passerer gjennom Brøløs og beklagar alle ulempene dette har ført til.

Lindebøader mot himmelen,Colourbox

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?