Høyring og offentleg ettersyn
– Klimaplan for Vest-Telemark

Handlingsplan til klimaplanen for Vest-Telemark er på høyring. Kom med innspel!

Høyring og offentleg ettersyn – Klimaplan for Vest-Telemark

Handlingsplan til klimaplanen i Vest-Telemark skal rullerast, og Klimaforum i Vest-Telemark opnar for innspel til revidert handlingsplan i høyringsperioden fram til 19. september.

Bakgrunn

Vest-Telemarkrådet vedtok i rådsmøte 4. februar 2025 å starte opp arbeidet med ein mindre rullering av handlingsplan til klimaplanen for Vest-Telemark. Klimaforum i Vest-Telemark med representantar frå kommunane, legg med dette revidert handlingsplanen på høyring og offentleg ettersyn.

Målet med rulleringa er å prioritere og redusere talet på tiltak, slå saman liknande tiltak, presisere og prioritere eksisterande og vurdere nye tiltak etter ny kunnskap.

Hovuddokumentet for klimaplanen for Vest-Telemark og satsingsområda skal ikkje rullerast i denne prosessen!

Kom med innspel

Har du innspel til handlingsplanen, kan du sende det på e-post til klimaforumet ved
anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no innan 19.09.2025.
Merk innspelet Rullering av handlingsplan for klimaplanen for Vest-Telemark.

Dokument

Handlingsplan for klimaplan (PDF)Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

Klimaplan for Vest-Telemark (PDF) Lenke til et annet nettsted.

Illustrasjon: Adobe Firefly KI-generert

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?