Saman for mangfald
i Vest-Telemark
Vi seks ordførarar i Vest-Telemark tek sterk avstand frå den påsette brannen i garasjen til Vilje Juvskås i Vinje. Juvskås har vore ein initiativtakar til pride-feiringar i fleire kommunar i Vest-Telemark. Politiet etterforskar dette som mogleg hatkriminalitet mot person med annan seksuell orientering.
I fylgje Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress opplever skeive personar at situasjonen har blitt verre etter terroraksjonen i Oslo 25. juni 2022.
Det som skjedde heime hos Vilje, eit ungt menneske med masse pågangsmot, positiv energi og smittsam entusiasme er heilt uakseptabelt.
Det er viktig at alle i Vest-Telemark og i resten av landet skal vere trygge. Alle skal kunne leve sine liv utan å vere redd for å bli mobba, oppleve hærverk eller brannstifting som skjedde natt til torsdag 26. juni.
Alle er like mykje verdt. Respekt for menneskeverdet er det viktigaste. Det gjeld uavhengig av legning eller tru, uavhengig av om ein er funksjonsfrisk eller ikkje og uavhengig av hudfarge. Vi må vise omsorg for kvarandre og vere glade for at vi har eit mangfald rundt i kommunane våre.
Vi ber innbyggjarane stå saman for mangfald. Det er med fellesskap vi vernar om tryggleiken og fridomen til kvar einskild.
Sist oppdatert