Redusert makspris på barnehageplass frå 1.8.25

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass.
Frå 1. august 2024 er maksprisen sett til 2 000 kroner per månad. Denne blir ytterlegare redusert til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2025.

For kommunar som er klassifiserte som minst sentrale (sone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå), er maksprisen lågare.
Her vart maksprisen sett til 1 500 kroner frå 1. august 2024, og vil bli redusert til 700 kroner per månad frå 1. august 2025.

Seljord er i sone 5 og vil difor få 700 kroner per månad som makspris for full barnehageplass.

Her finner du informasjon om makspris, søskenmoderasjon samt moderasjonsordninger for familier med lav inntekt. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?