Strevar du med søvn?
Då er du ikkje aleine. Opp mot 15 % av befolkninga i Noreg rapporterar å ha vanskar med søvn. Rask Psykisk Helsehjelp startar opp søvnbehandlingsgrupper for innbyggjarar i Vest-Telemark. Søvnbehandlingsprogrammet «Stå Opp» er utviklet til bruk i kommunehelsetjenesten, og er lagt opp som gruppebehandling. Dette er ei krevjande, men svært effektiv behandling. Er det noko for deg?
Målgruppe
Personar over 18 år i Vest-Telemark, med langvarige søvnvanskar eller ei vedvarande oppleving av ikkje å sove godt nok eller lenge nok.
Du kan ha andre utfordringar i tillegg, men desse vil
ikkje ha fokus i denne behandlinga.
Metode
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarigesøvnvanskar.
Behandlingsopplegget
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kva for endringar du kan gjere for å få betre søvn. Ein like viktig del av behandlinga er det som skjer mellom samlingane, der du vil jobbe på eigahand endringar i søvnen.
Er dette noko for deg?
Vi ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet kan vere noko for deg. Det er viktig atdu er motivert til å gjere med det du har lært i gruppa.
Me startar opp med forsamtalar allereie frå 01.05.25.
Dato for oppstart av gruppebehandling er 18 september 25 kl 17-19.00.
Ta kontakt med Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark ved å fylle ut kontaktskjemaet som du finner under Rask psykisk helsehjelp her: For å melde deg på kurs og grupper kan du bruke dette skjemaetLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted. Du kan og ringje 476 35 699 (Eva Margrethe) evt RPH 90670130 for ei vurdering om dette tilbodet kan vere noko for deg. Tilbodet er gratis.
Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark
Sist oppdatert