Sundag 22.6 opna Eva Bull Holtes museum si sommarutstilling
Sundag 22.juni opna Eva Bull Holtes museum si sommarutstilling på Sneie i Åmotsdal.
Årets gjesteutstillar er Ellen Karin Mæhlum. Motiva i Mæhlums arbeid er hovudsakleg basert på skissefoto frå fotturar og forskningsekspedisjonar ho har delteke i på Svalbard. Samanhengen mellom dei ulike seriane er hennar interesse for naturen og ei utforskande haldning til grafikkens tekniske aspekt.
På Handverkstunet kan du sjå smakebitar frå samlinga til Margit Lien. Museet er ope kvar dag kl 11.00-18.00 frå 22.juni til og med 10.august.


Gjesteutstillar Ellen Karin Mæhlum

Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen
Sist oppdatert