Seljord kommune ynskjer Christoffer lukke til vidare!
Den 19.juni var det siste kommunestyre før sommaren, og Christoffer Greiner Fallet serverte aldeles nydeleg mat til lunsj - hamburger med tilbehør. Christoffer er frå Flatdal, og har fått støtte frå Seljord kommune for å finansiere årets deltaking i NM for kokker, kor han fekk ein flott 7. plass. Han fortalde om sin karriereveg innan kokkeyrket , om sine verdiar og planar framover. Ei sterk forteljing som gjer inntrykk. Seljord kommune ynskjer Christoffer lukke til vidare!
Sist oppdatert