Ny samfunnsdel, forslag til planprogram og melding av oppstart

Formannskapet i Seljord kommune som er styringsgruppe for arbeidet med ny samfunnsdel vedtok i møte 22.05.2025 i medhald av plan og bygningslova §§ 4-1, 11-12 og 13 å melde oppstart av arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen, og å leggje planprogrammet ut til offentleg ettersyn.

Samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala for samfunnsutviklinga i kommunen både som organisasjon og for kommunesamfunnet, og skal vise korleis kommunen arbeider med overordna omsyn som bl.a. folkehelse, barn og unge, klima og miljø, integrering og næringsinteresser.

Planprogrammet omtaler føremålet med planarbeidet, planprosess med fristar og opplegg for medverknad, kva tema som vil ha fokus, både for kommunen som samfunn og som tenesteytar. I tillegg er det planlagd å utarbeide arealstrategiar for neste rullering av kommuneplanens arealdel og kommunedelplan for Seljord sentrum.

Dersom du har innspel til arbeidet med ny samfunnsdel kan du sende oss eit brev eller ein e-post, eller du kan ta kontakt viss du heller ynskjer ein prat om eit tema du eller din organisasjon er opptatt av.

Frist for innspel er 20. august 2025.

E-post: post@seljord.kommune.no

Brev: Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord.

Vedlegg:

Planprogram for ny samfunnsdel Pdf, 1 MB.

Saksframlegg med vedtak Pdf, 121 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?