Nå er det stor skogbrannfare - pressemelding frå Statsforvaltar i Vestfold og Telemark

Skogbrannfareindeksen viser no raud og mørkeraud (stor fare) i Vestfold og Telemark. No er det viktig at vi viser omsyn.

Auka farenivå på indeksane, kombinert med høgare temperaturar, er med på å auke risikoen for skogbrann. Vi må rekne med at situasjonen vil vare ved til det kjem nedbør av betyding.

– No er det viktig at vi viser omsyn, særleg når vi ferdast ute i naturen. Det er forbode med open eld ute i skog og utmark, det vil seie at det er forbode å tenne opp grill i eller nær skog og utmark. Så om du planlegg å fyre opp grillen i helga, gjer det i kontrollerte former, seier Jan Ruud, fylkesberedskapssjef i Vestfold og Telemark.

Er du usikker på om du kan tenne opp eld, la heller vere eller kontakt brannvesenet. Meir informasjon om korleis og kvar du kan grille, finn du på brannvernforeningen.no (sjå lenkje under).

Bålforbod – brannvernforeningen.no

Generelt bålforbod

Frå 15. april til 15. september er det i heile landet forbode å gjere opp eld i eller nær skog eller annan utmark utan løyve frå kommunen.

Ved all ferdsel og opphald i eller nær skog og utmark er det no heilt naudsynt å unngå bruk av eld og vere merksam ved annan aktivitet som kan føre til gnistar.

Statsforvaltaren oppmodar alle som driv arbeid i eller nær skog og utmark – anten det er skogbruk, jordbruk eller annan næring – om å vere svært varsame med all verksemd som kan innebere risiko for skogbrann.

Kart over skogbrannfare

Meteorologisk institutt har to interaktive kart som er opne for alle, og som ofte blir brukte som referanse når det gjeld skogbrannfare i Noreg:

  • Skogbrannfareindeks – vert mellom anna brukt som referanse for DSB og Skogbrand sitt dokument «Retningslinjer for: SKOGSDRIFT OG SKJØTSEL I SKOGBRANNSESONGEN»
  • Fine Fuel Moisture Code (FFMC) – skildrar fukt i vegetasjon med røter i det øvste jordlaget, til dømes gras og lyng.

Meir informasjon om skogbrann og skogbrannplakatar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har lagt ut informasjon om skogbrann på nettsida si: Skogbrann

På DSB si nettside finn du mellom anna informasjon om kommunikasjonsmateriell om skogbrann, skogbrannplakat_versjon_2025, og retningslinjer for skogsdrift og skjøtsel i skogbrannsesongen.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?