Varsel om oppstart – utbetring av Svartdalsvegen
Seljord kommune varslar med dette oppstart av utbetringar på store delar av Svartdalsvegen.
Arbeidet starta opp i veke 20, og i veke 21 tek ein til med djuptstabilisering. Arbeidet vert utført av Telemark Transport og Entreprenørsentral AS på vegner av byggherren, Seljord kommune.
Tiltaket omfattar:
- Djuptstabilisering med lignin
- Avretting og høvling
- Grøfterensk
- Reasfaltering
Arbeidet vil medføre stenging av vegen i periodar mellom kl. 08.30 og 14.00. Det vil bli gjort løpande vurderingar av trafikkflyten, og tidspunkt kan difor bli justerte. Eventuelle endringar vert varsla. For å redusere totallengd på anleggsperioden, vil det òg kunne bli utført noko kveldsarbeid i vekedagane.
Frikøyring forbi arbeidsområdet vert etablert når det let seg gjere.
Informasjon og oppdateringar vil òg bli lagt ut i Facebook-gruppa "Kva skjer i Svartdal" og oppdatera på heimesida til Seljord kommune.
Vi oppmodar alle trafikantar om å vise omsyn og følgje skilting og anvisingar frå mannskap på staden, samt informasjon publisert via "Kva skjer i Svartdal".
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Seljord kommune.
Sist oppdatert