Varsel om nattarbeid og vassavstenging – spyling av leidningsnett
Teknisk avdeling gjennomfører det årlege arbeidet med spyling av ledingsnettet for vatn
Teknisk etat informerer om at det skal gjennomførast spyling av det kommunale vassleidningsnettet i perioden 9. juni kvelden til morgon 12. juni, kvar natt mellom kl. 22.00 og 06.00.
I dette tidsrommet vil vatnet vere avstengt, og det kan etterpå kome brunt vatn eller luft i leidningane. Me tilrår at du tappar vatn frå ein utvendig kran etterpå, til vatnet er klart igjen.
Me beklagar dei ulempene dette kan medføre og takkar for forståinga.
med venleg helsing
Teknisk avdeling

Sist oppdatert