Kveldsåpen og anonym line til økonomirådgjevarane
Åpent for direkte kontakt med økonomirådgjevarane i kommunen på ettermiddag/kveldstid.
Me åpnar for direkte kontakt med økonomirådgjevarane i kommunen på ettermiddag/kveldstid. Samtala kan gjerast anonymt. Me ber ikkje om navn, og mobiltelefonen din har innstillingar som kan gjere at den ikkje syner nummeret du ringer i frå.
Fyrste åpne dag er torsdag 22. mai frå klokka 17 til 19. Dei to neste er sett opp 12. og 19. juni same tid.
Ramma for samtala er alle moglege økonomiske utfordringar. Mange slit økonomisk no. Ei samtale kan hjelpe med å sortere tankar og sjå moglegheiter der ein trur dei ikkje finst. Me arbeider dagleg med å gje råd og praktisk hjelp rundt gjeldsproblem i det heile, inkassokrav, trekk i løn, tvangssal, søknadar om gjeldsordning, budsjett og endringsarbeid.
Ring, så snakkar me saman og finn ein veg å gå.
Økonomi- og gjeldsrådgjevarar
Berit Valhovd telefon 902 46 243, Anne Marie Åsheim 960 11 238
Sist oppdatert