Varsel om skogbrannfare
Ver varsam med open ild!
Grunna lite nedbør gjennom vinteren og ein tidleg og varm vår, ser vi at meterologisk institutt no melder at det er gult farevarsel på gras- og lyngbrann.
I det varme veret og når det nærmar seg påske, kan det vere freistande med bålkos i skogen. Det er og i desse dagar at mange ryddar opp kvist og hageavfall som dernest brennes i bål.
Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.
Seljord kommune oppmodar alle som har tenkt å handtere opne flammer i tida fram mot påske om å vere ekstra vaktsame ovanfor det aukande farevarselet på skogbrann.
Hald deg oppdatert på varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert