Seljord kommune søker om endra utsleppsløyve for reinseanlegget

Seljord kommune søker om auka utslepp frå det kommunale reinseanlegget med utslepp til Seljordsvatnet.

Kapasitetsutfordringar

Reinseanlegget har i dag kapasitetsutfordringar under store årlege arrangement og ved påslepp av avlaupsvatn frå separate avlaupsanlegg. Nye og planlagde påkoplingar av bustader bidrar òg til eit behov for å auke kapasiteten. Det er planlagt ein buffertank for å handtere belastningstoppane, samt et eige septikmottak.

Kommunen søker om å auke ramma i løyvet frå 2 000 pe til 4 000 pe i snitt gjennom året. Maksveka, som i dag har ei ramme på 3 000 pe er søkt auka til 8 000 pe. Det er lagt opp til 90 % reinsing av fosfor, 70 % reinsing BOF5 og 75 % KOFCr, og det er forventa at nitrogen blir redusert med 30 %.

Les førehandsvarselet her Pdf, 99 kB, åpnes i nytt vindu.

Innspel

Eventuelle innspel til søknaden kan merkast 2023/12959 og sendast innan 1. april 2025 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Foto: Colourbox

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?