Førebuing til opning av Verksta'n

Verksta’n – Ein motorverkstad for ungdom i Seljord nærmar seg opning.

torsdag 6. mars kan ein møtast i verkstadhallen på Brøløsvegen 7 kl 18.00, for å starte med å klargjere lokalet og andre praktiske ting før opning. Alle vaksne og ungdommar som er interessert i fritidstilbodet er hjarteleg velkommene til å bidra.

Om du har noko verktøy og utstyr du ikkje treng lengre, som du kunne tenkje deg å donere vekk, ta det gjerne med! Eller om du har eit skruobjekt ståande som ungdommen kan få til å skru på, ta kontakt med Jørn Andre Hegg på tlf.: 468 81 817.

Velkommen på torsdag!

Logo Verksta'n

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?