Sjå Udir https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/.
I dei nye rettleiingane opererer ein med nivåinndeling av smitteverntiltak, ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. 
Merk at det ikkje er opp til den enkelte barnehage eller skule å avgjere dette.

Seljord kommune treng enno ytterlegare avklaringar for å bestemme organisering og tiltak for einingane våre for tida etter pinsehelga.

Vi ber om forståing for at vi held fram med organiseringa som gjeld pr. no, og at alle møter tysdag 2.juni til ei organisering lik det vi har hatt i det siste. Dette gjeld både barnehage, SFO og skule.

Vi skal ha vidare organisering og opningstider klart så tidleg som mogleg. Når det er klart vil vi gå ut med grundig informasjon på heimesider, Facebook, Visma og MyKid.

Ynskjer dykk alle ei solfylt og god pinsehelg!