I pressemldinga frå kommunen heiter det at den endelege godkjenninga av det omforente avtaleutkastet skjer i kommunestyret i Seljord førstkomande torsdag 29.april.  Vidare i pressemelinga står det:

"Eg er svært glad for at vi no er kome i mål med forhandlingane og har fått på plass ei felles utbyggingsavtale for Nordbygdi næringsområde. Samtidig er det viktig for meg å understreke at partane no tek ein stor risiko med tanke på at vi ikkje har fått avklart ekstern finansiering, seier ordførar i Seljord kommune, Beate Marie Dahl Eide. 

- Seljord kommune, som byggherre for infrastrukturen, har hatt både vatn og avløp (VA), avkjørsle frå E134, bru og internvegar ute på konkurranse. Ordføraren seier det er viktig at ein får nytta tilboda ein har fått på plass, slik at prosjektet vert så rimeleg og bra som råd.

- Hastar å komme i gang: Årsaka til at partane vel å gå vidare med prosjektet på noverande tidspunkt er det store behovet Telemark Bilruter AS har for at utbygginga av infrastrukturen i Nordbygdi kjem raskt i gang. - Det er tidskritisk at vi kjem i gang no med tanke på tidsplanen til Telemark Bilruter for ferdigstilling av deira nye anlegg, seier Dahl Eide. - Det seier seg sjølv at ein ikkje kan risikere at ei slik storinvestering står klar utan avkjørsle frå E134 og VA-tilkopling.

- Har snudd alle steinar: Etter at Telemark Utviklingsfond (TUF) i mars sa nei til å støtte prosjektet har det blitt jobba raskt på fleire frontar. Ordføraren seier alle steinar har blitt snudd for å gjere det mogleg å kome i gang med prosjektet: - Vi har greidd å redusere totalkostnaden i prosjektet noko, samtundes har vi no fordelt den attståande risikoen og potensielle kostnadane mellom oss fire partane, seier Dahl Eide."

Du kan lese heile pressemelding her.