Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

NAV

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod frå Nav for deg som ønskjer å kome i arbeid, men treng ekstra oppfølging for å klare det. Du vil få tett oppfølging og rettleiing og vil få høve til å forme programmet etter kva du kan og kva du ønskjer. Både arbeidstrening og opplæring er del av tilbodet. Programmet kan vare i opptil 2 år. Mens du deltek i programmet, får du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.

    Målgruppe

    Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å komme ut i arbeid

    Kriterium/vilkår

    Du er mellom 18 og 67 år, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    På Nav-kontoret arbeider dei tilsette saman for å finne fram til heilskaplege og individuelt tilrettelagde løysingar. Deltakarane skal ha tett og koordinert hjelp. Dei tilsette samarbeider derfor med næringsliv, helsevesen, frivillige organisasjonar, osv. Samarbeidspartnarane vil avhenge av innhaldet i programmet.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kvalifiseringsprogrammet er ei lovpålagd oppgåve som kommunar tilbyr dei som fyller vilkåra i lova. Sjå sosialtenestelova §§ 29-40.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Sosialtjenesteloven

    Forskrifter

    Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator

    Forskrift om kvalifiseringsprogram og -stønad

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Nav-kontoret skal sikre at saka di er så godt opplyst som mogleg før saka blir avgjort. Ein skal vurdere konkret og individuelt kva for opplysningar som er nødvendige for å behandle saka og korleis desse skal dokumenterast. Opplysningane skal så langt som råd innhentast i samarbeid med deg. Søknaden skal vurderast individuelt, og både godkjenning og avslag skal vere grunngjeve i eit vedtak. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at du har levert søknaden. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.

    Saksbehandlingstid

    Nav skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Nav-kontoret skal hjelpe dei som treng hjelp til å få utforma klage. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 18:51

Tjenester