Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge (tidligare «nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge i lavinntektsfamilier) er eit av fleire tiltak i regjeringa sin strategi som skal bidra til å nå målet om at alle barn, uavhengig av økonomien til  foreldra, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge. Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som lever i låginntektsfamiliar. Tiltaket rettar seg mot kultur-, fritids-, og ferieaktivitetar.

Føremål:
Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å gjere det mogleg for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaar, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig  av inntekta  og sosial situasjon til foreldra. Det skal ikkje bli stillt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller inga kostnader. I tillegg er det eit mål at tiltaka bidreg til eit meir inkluderande fritidsmiljø.

Les meir på Bufdir

Kontakt:
Asbjørn Storrusten
Kultur- og næringssjef Seljord kommune
E-post; as@seljord.kommune.no 
Tlf.: 917 96 785