Seljord kommune gjennomførte møte med alle løyvehavarar som har løyve for sal og/eller skjenking av alkohol tirsdag 25.04.2023 frå klokka 18 til 21. Tema for møtet var Rutinar for internkontroll.

Årsaka til møte var:

Under kommunens besøksrunde til alle løyvehavarar, våren 2022, registrerte vi ein del manglar ved internkontrollrutinane, men ingen så alvorlege, at det medførte tildeling av prikkar. Fleire av løyvehavarane uttrykt eit ynskje om bistand frå kommunen til utarbeiding av gode internkontrollrutinar. Vi lova då å gjere dette til tema, når løyvehavarane kallast inn til møte jf. «Alkoholpolitiske retningsliner for Seljord kommune» punkt 7.1, våren 2023.

Seljord kommune anbefaler å bruke Helsedirektoratets mal for internkontroll. Denne blei gjennomgått punkt for punkt og løyvehavarar hadde moglegheit til å fylle ut si eige skjema for internkontroll, samt kome med spørsmål.

Det var veldig godt oppmøte og tilbakemeldinga var positive om at Seljord kommune gjennomføre slike møte.

Seljord kommune ønskjer å ha god dialog med dei som har fått innvilga løyve om sal og/eller skjenking av alkohol.