Vi har blant anna rigga eit eige legekontor for luftvegssmitte i lokala til helsestasjonen, og alle legane har i løpet av veka kopla seg på ei videokonferanse-løysing. Vi har fått nytt reinhaldspersonale, nyopplært hjelpepersonell, hjelp av pensjonert hjelpepersonell, nye prosedyrar, og alle legane har fått «uniform» (!) 

Trass i alt dette nye, så er vi her for dykk, pasientane våre. Dersom du har symptom som du vanlegvis ville ha kontakta legekontoret eller legevakta for, skal du framleis ta kontakt. Gjerne via Helse Norge dersom det er noko som ikkje hastar, men for deg som synes at det er vanskelig, så kan du ringe. Vi har ikkje stengt, men viss det er lenge å vente før vi svarar, så er det fordi vi får veldig mange telefonar nå om dagen. 

I førre veke gjekk vi ut og sa at pasientar ikkje måtte kome til legekontoret eller legevakta med luftvegsproblem utan avtale på førehand. Dei som har ei lett forkjøling og ikkje treng legetilsyn, bør halde seg heime til éin dag etter at dei er friske. Oppmodinga gjeld framleis, MEN hugs på at pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukdomar framleis skal ta kontakt med legen sin. Ikkje la vere å ta kontakt fordi du trur vi har så mykje å gjere, eller fordi du er redd for å vere til bry.

Helsing Kine