Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark.  Her møtast E 134 og Rv 36, og den nye Mælefjelltunellen har gjort kommunen endå meir sentral. Kommunen har nesten 3000 innbyggjarar og omlag 390 tilsette. Kommunen husar sjøormen, Noregs einaste usynlege turistatttraksjon og er vertskap for Dyrsku’n, landets største landbruks- og handelsmesse som årleg samlar 90 000 menneske.

Seljord er ei kommune der kunst, kultur, idrett og tradisjon står sterkt, samtidig som kommunen har store verksemder innan IT, ingeniørfag, anleggs- og entreprenørverksemd. Seljord er eit handelssentrum i Vest-Telemark, og har eit aktivt jord- og skogbruk. Kommunen husar mange store arrangement i løpet av året, med utgangspunkt i Dyrskuplassen. Seljord har gode turmoglegheiter og fleire store campingplassar rundt Seljordsvatnet.

Seljord har eit godt utbygd barnehage- og grunnskuletilbod, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule og symjehall. Granvin kulturhus er ein sentral møtestad i bygda. Kommunen er vertskap for Distriktspsykiatrisk senter og Familievernkontoret for Øvre Telemark, og jordmorvakt for Vest-Telemark og kommunepsykologsamarbeidet er lagt til kommunen.

Vi ynskjer ein rådmann som vil spela på lag med heile Seljord-samfunnet for å gjere det til ein endå betre stad å bu, leve, arbeide og drive næring. Det er ein fordel med god forståing for bygder og bygdekultur. Du må ha eit hjarte for bygda og tenestene som vert levert, og vere oppriktig interessert og engasjert i lokalsamfunnet du er ein viktig del av.

Du må ha den rette kombinasjonen av faglege og personlege eigenskapar som trengst for å leie kommunen og samarbeide godt med innbyggjarar, medarbeidarar, tillitsvalte og politisk leiing. Du må gjennomføre politiske målsettingar og vedtak, legge til rette for gode politiske prosessar og godt utgreidde saker. Det er avgjerande å halde fram med den gode økonomistyringa og budsjettdisiplinen i organisasjonen.

I Seljord kommune er det kultur for samarbeid og rom for fagleg utvikling. Du må vidareutvikle organisasjonen og tenestene på lag med dei tilsette og arbeidstakarorganisasjonane. Du nyttar digitale løysingar klokt og forankrar og grunngjev endringar godt.

Seljord kommune ynskjer å bidra til ei berekraftig utvikling i brei forstand, og legg difor vekt på klima og miljø, førebyggjande arbeid, kultur og folkehelse. Som rådmann i Seljord må du også ha eit blikk for det som ikkje alltid kan målast eller reknast konkret på. Samfunnsoppdraget til kommunen går utover dei konkrete tenestene som skal leverast.

Seljord har som visjon å vere det gode vertskap. Rådmannen skal vere med å marknadsføre og representere kommunen utad på ein god måte. Dette gjeld overfor Seljord-samfunnet, Vest-Telemark og dei kommunane vi samhandlar med, fylkeskommunen, staten og dei ulike organisasjonar og aktørar ein kommune er i kontakt med.

Vi ser etter deg som både har utdanning på høgskule-/universitetsnivå, leiarerfaring og god kjennskap til kommunal verksemd og politiske prosessar. Du har god økonomisk forståing og kjennskap til kommuneøkonomi, kunnskap om offentleg forvaltning, lover og avtaler. God formuleringsevne både skriftleg og munnleg er viktig. Seljord har nynorsk som målform.

Vi ser etter ein leiar som er inkluderande og omgjengeleg. Du er ein trygg og tydeleg leiar, som har oversikt, viser tillit og gjev ansvar. Du ser mogelegheiter, men er ein positiv realist. Du har evne til å finne løysingar i krevjande situasjonar, du har humor og held på det gode humøret når det røyner på.

Den rette personen for Seljord vil få ei utfordrande stilling, med dedikerte og motiverte medarbeidarar og leiarar som står på for Seljord-samfunnet. Du vil òg få det administrative ansvaret for forvaltninga av sjøormen i Seljordsvatnet.

Oppstartstidspunkt 01.05.2021, eller etter nærare avtale.

For spørsmål om stillinga, kontakt ordførar Beate Marie Dahl Eide på tlf. 91739893 eller organisasjons- og personalsjef Ingeborg Nenseter Jensen på tlf. 47900119. 

Seljord kommune legg vekt på meiroffentlegheit, og søkjarliste vert gjort offentleg.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.

Søk via elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 07.12.2020