Nettsida – www.seljordbu.no skal gjere det enklare for nye tilflyttarar å få oversikt over dei mange tilboda som finnes i kommunen vår.

Nettsida inneheld informasjon om kor du kan finne ledige bustader og tomter, barnehage- og skuletilbod, kor du finn ledige stillingar, oversikt og næringsliv og fritidsaktivitetar. Det skal vere enkelt å finne informasjon viss ein ynskjer å etablere seg i Seljord, og me håpar at den vil kome til nytte både for nye og for eksisterande innbyggjarar.

Har du innspel eller tilbakemeldingar på nettsida kan du sende mail til kristine@bygdeutviklar.no