Landbruk

Jordbruket i kommunen er svært variert med store samanhengande jordbruksområde i Flatdal og med særs verdfullt kulturlandskap i fleire delar av kommunen. 
Seljord har et totalt skogareal på 581.000 daa,av dette er 211.207 daa er definert som produktiv skog. Viktige kulturlandskapsområde av høg nasjonal verdi, blant anna: Svartdalsområdet, Lisidene i Flatdal, Dyrlandsdalen, Skorigrenda i Åmotsdal, Langlim og Brekkegrenda mot Øvre Bø.

Utvalde kulturlandskap i Hjartdal og Svartdal.

Vi har frå 2018 heile 41 utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Telemark, og dei kom på lista i 2017. Hjartdal og Svartdal er utvalde fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminner, kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på området som eit viktig kulturlandskap. I desse områda kan grunneigarar og brukarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Her er den nyleg vedtekne forvaltingsplanen for Hjartdal og Svartdal.  

Her kan du sjå filmen om UKL Hjartdal og Svartdal

Kva for område ordninga gjeld for:

Regelverket gjeld for det utvalde kulturlandskapet Hjartdal og Svartdal slik det er merkt av i forvaltningsplanen for området; sjå kartvedlegg for Hjartdal og Svartdal.

Kven kan søkje:
Alle som har eigedom i og bur på, eller driv eigedom innanfor avgrensinga t.d. grunneigarar, drivarar, hytteeigarar, lag og organisasjonar som medverkar til å nå måla i forvaltningsplanen og eventuelle skjøtselsplanar, dersom det er utarbeidd, kan søkje. 
Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar eller andre rettshavarar.

Kva kan du søkje tilskot til?

Retningsliner for søknad om tilskot

Tiltaksliste UKL

 Kva må søknaden innehalde?
• Bruk og fyll ut Søknadsskjema for Utvalde kulturlandskap Hjartdal og Svartdal 
• Tiltaket skal avmerkast på kart som vert lagt med søknaden. Bruk gjerne gardskart
• Det er viktig at tiltaket vert dokumentert med foto før og etter. 
• Budsjett/kostnadsoverslag og gjennomføringsplan
• Godkjenning frå eigar dersom det er ein annan enn søkjar. 
• Send søknaden til: postmottak@hjartdal.kommune.no 
• Søknadsfrist er 1. mai 2019
 

Arbeidsfrist:
Arbeidsfrist er normalt hausten 2020.

Kontaktperson:  Torunn Raftevold Rue på epost: torunn.rue@seljord.kommune.no, eller på tlf 350 65 151 / 95 90 84 40