Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kunngjeringer

Vasslekkasjen er retta

Seljord kommune har funne feilen på leidningsnettet, så vasslekkasjen i Tømmeråsen er retta no.

Vi ber om orsaking for ulempa dette gav.

Helsing Seljord kommune/teknisk drift
Vasslekkasje

Vasslekkasje i Tømmeråsen

Seljord kommune har oppdaga ein stor vasslekkasje i Tømmeråsen. Vi arbeider med saka, men vi ber om at de brukar MINST MOGLEG vatn framover i dag, laurdag 30.juli.
Det kjem varsel så snart det er i orden, men det kan ta litt tid. Vi ber om orsaking for ulempa dette gjev.

Helsing Seljord kommune/teknisk drift
Vasslekkasje

Endring i kokevarsel for Seljord kommune

Kokevarsel gjeld no berre abonnentar som får vatn frå Tømmeråsen.

Seljord kommune har i dag, 28. juli, fått prøveresultat på vassprøver som friskmelder drikkevatnet for alle områder unntatt dei som får vatn frå Tømmeråsen høgdebasseng. Prøva frå Tømmeråsen var også negativ, men Mattilsynet krev to negative prøver før vi kan stoppe kloring og kokevarsel. Huseigarar som no har trygt vatn blir varsla på SMS. Seljord kommune vil ei periode framover klore vatnet av førebyggande omsyn. Vi har stor mistanke om at forureininga skuldast leidningsbrot.

Dette betyr også at det er trygt vatn for dei som deltek på Countryfestivalen i Seljord.

For abonnentar i Tømmeråsen held kokevarsel fram.

I tråd med mattilsynet sine retningslinjer, og for å sikre stabil kvalitet på drikkevatnet, vil kokevarsel og kloring fortsette fram til to prøver frå Tømmeråsen viser at det ikkje er bakteriar i vatnet. Nye prøver er tatt i dag og vil bli analysera dei nærmaste dagane. Vi ber om orsaking for ulempa desse tiltaka gjev.

Når det ikkje lenger er naudsynt å koke vatnet vil det bli varsla til dei abonnentane det gjeld gjennom SMS.

Sjå råd frå Bergen kommune om kokevarsel her

Reint drikkevatn

Kokevarsel gjeld framleis

Seljord kommune ventar framleis på svar på vassprøvene som vart sendt 25.juli. Vi arbeider med å finne årsak til forureininga i vatnet.

I tråd med mattilsynet sine retningslinjer, og for å sikre stabil kvalitet på drikkevatnet, vil kokevarsel og kloring fortsette fram til prøver igjen viser at det ikkje er bakteriar i vatnet. Vi ber om orsaking for ulempa desse tiltaka gjev.

Når det ikkje lenger er naudsynt å koke vatnet vil det bli varsla til dei abonnentane det gjeld gjennom SMS.

Sjå råd frå Bergen kommune om kokevarsel her

Koke drikkevatn