Kulturpris og kulturstipend for Seljord. Frist 15.april for å levere inn framlegg.

Publisert
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Sparebankstiftinga Seljord og Seljord kommune ynskjer å dele ut kulturpris og kulturstipend.

  • Kulturpris til ein eller fleire personar, institusjon, lag eller organisasjon i Seljord som har gjort ein frivillig innsats utover det vanlege i organisasjons-/ kulturlivet.
    Prisen er på kr 20.000 og ein skulptur laga av kunstnaren Ellen Grøstad Barstad.
  • Kulturstipend til ein kultur-  eller idrettsutøvar som er mellom 15 og 25 år og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område.
    Stipendet er på kr 20.000 og diplom av kalligraf Borghild Telnes.
    Utøvarar kan sjølve søkje stipendet, alle framlegg/søknadar må grunngjevast.

Vedtektene for kulturpris og kulturstipendet finner på kultursidene våre

Fristen er 15.april for å levere framlegg til kandidatar/søknad på stipend til Seljord kommune til  kultursjef Asbjørn Storrusten, e-post; as@seljord.kommune.no eller på papir til Brøløsvegen 13, 3840 Seljord. Merk med Kulturpris/-stipend.