Koronavaksine - vaksine - vaksinering - vaksinasjon

Seljord kommune førebur massevaksinasjon mot korona, sjølv om det framleis er usikkert når, og kor mange, vaksinar vi får. Vaksinen er gratis og frivillig. Du er derfor ikkje pålagt å vaksinera deg, men vi rår til at du gjer det. 
Koronavaksinasjonstelefon for Seljord: 409 13 567. Telefonen er betent i kommunens opningstider, dvs. kvardagar mellom 09.00- 15.00. Får du ikkje svar når du ringer dette telefonnummer, så vil ditt nummer bli registrert og vi vil søke å ringe deg tilbake.

Vaksineringsstatus i Seljord kommune:  Du finn oppdatert informasjon ved å gå inn på lenka til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark - oversikt over smitte, vaksine o.l.
Klare for massevaksinasjon: Seljord kommune er klare for å starte med massevaksinasjon av innbyggjarane. Vi har allereie gjort klar “gamle REMA-bygget” til vaksinasjonsstasjon, og alle planar er på plass. No ventar vi berre på å få vaksiner så vi kan starte! Staten har bedt om svar på om vi kan starte i begynnelsen av februar, om vi kan handtere å få to ulike vaksinetypar og om vi kan vaksinere ca 25% av innbyggjarane våre per veke. Det kan vi!

Prioritering:
Seljord kommune følger den prioriteringa som regjeringa har lagt opp til. I utgangspunktet er det risikogruppene som blir prioritert fyrst, og deretter helsepersonell. Prioriteringa blir i utgangspunktet slik, men dette kan endre seg: 

  1. Bebuarar i sjukeheim  
  2. Personar over 85 år 
  3. Personar frå 75 til 85 år
  4. Personar frå 65 til 74 år 
  5. Personar i alderen 18–64 år med bestemde underliggande sjukdomar
  6. Helsepersonell

Kort varsel:
Koronavaksinen blir transportert og lagra ved minus 70 grader. Når vaksinen kjem til Seljord, skal den oppbevarast ved 2-8 grader, og den er berre haldbar nokre få dagar etter opptining. Derfor må du rekne med kort frist frå du får tilbod om vaksine til den fyrste vaksinen skal settast.

Du får beskjed når det er din tur:
Du blir innkalla. Når kommunen får bekrefta at vaksine er på veg, sett vi av datoar og bestemmer kven som står for tur ut frå prioriterings-lista. Datoane blir annonsert så langt det er praktisk mogeleg. Vi legg også ut beskjed på Facebook. Det kan derfor vere lurt å følge kommunen på Facebook i tida framover.

To datoar og to vaksinar:
Du blir tildelt to datoar fordi du skal ta to dosar. Vaksine nummer to skal ein ta tidlegast 21 dagar etter den fyrste. Det er svært viktig at du tek begge dosane, og det er viktig at du møter opp på dei datoane du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dei to dosane. 

Vi planlegg vaksinasjon i det gamle REMA bygget i sentrum.    

Viktige meldingar og informasjon frå kommunen

OBS! Når det blir registrert smitta personar som er folkeregistrert i kommunen, men som ikkje oppheld seg her til dagleg, blir det vanlegvis ikkje sett i verk tiltak lokalt.

2.2.21: Seljord kommune meiner no at situasjonen rundt det muterte koronaviruset er meir oversiktleg enn 23. januar då vi rådde innbyggjarane og gjester til å bruke munnbind på offentlege stader som butikkar, bensinstasjonar, serveringsstader ol. Sentrale myndigheiter lettar nå på  innstrammingstiltaka, og vi meiner det er rett at Seljord kommune gjer det same. Derfor er det frå måndag 1. februar 2021 ikkje lenger nødvendig/tilrådd å bruke munnbind på desse stadene så lenge ein kan halde ein meter avstand. Dersom du er i tvil, eller meiner det er vanskeleg å halde tilstrekkeleg avstand, bør du framleis bruke munnbind. Innanfor helsetenestene våre vil reglane halde fram slik dei har vore i det siste.

24.1.21: Seljord kommune rår alle til å bruke munnbind innandørs på offentleg stad som butikkar, serveringsstadar, bensinstasjonar og bussar/taxi. Dette gjeld ikkje barn under 12 år eller dei som har ein medisinsk grunn til å ikkje nytte munnbind. Krav om munnbind gjeld heller ikkje for elevar i grunnskulen som brukar skulebuss/skuleskyss.  Seljord kommune følgjer alle nasjonale tilrådingar for smitteverntiltak.

Besøk på legekontor og helseinstitusjonar: ​Bruk munnbind, hald avstandsreglane.

Koronastatus pr. 22.1.21:
Det er ingen smitta av covid-19 i Seljord kommune.

  • Nye nasjonale smitteverntilak frå 20.januar:Regjeringa presenterte i dag kva smitteverntiltak mot covid-19 som skal gjelde frå 20.januar.
Alle tiltak gjeld til regjeringa melder noko anna. Dei viktigaste endringane og tiltaka er:
 
  • Ungdomsskule og vidaregåande skule:
Ungdomsskular og vidaregåande skular vert justert ned til gult nivå. Kommunane får anledning til å legge seg på raudt nivå i tida framover om smittesituasjonen lokalt tilseier det.
Seljord kommune vil frå onsdag 20.januar vere tilbake på gult nivå. Tysdag 19.1. vil ungdomsskulen framleis ha raudt nivå, og 10.klasse ha heimeundervisning som planlagt.
 
  • Sosial kontakt:
Alle bør framleis avgrense sosial kontakt i størst mogeleg grad. Det vert oppfordra til å møtast utandørs, og å ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar i tillegg til eigen husstand.
Om alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ikkje fleire enn at ein kan halde avstand. Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk fra eigen kohort.
 
  • Inga unødendig reising:
Det vert oppmoda om at ein ikkje gjennomfører reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig.
Reise til studiestad vert rekna som ei nødvendig reise, medan mens reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje vert sett på som ei nødvendig reise.
Følg med på www.fhi.no eller andre nasjonale nettsider for å halde deg oppdatert om viruset. Du kan òg ringe den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015.
Ring fastlege eller legevakt på 116 117 om du blir sjuk, eller har vore i kontakt med smitta.​
Ein frarår ikkje hytteopphald innanlands saman med folk du bur saman med, innanfor dei lokale og nasjonale råd og reglar som gjeld.
Seljord kommune følgjer nasjonale forskrifter og har inga restriksjoner for folk som kjem frå andre stader i landet og som besøker Seljord. Vi oppfordrar folk til minst mogleg å reise rundt meir enn naudsynt, og at dei elles fylgjer vanlege smitteråd med avstand og handhygiene. 
 
  • Idrett og fritid for barn og unge:
Barn og unge under 20 år kan no trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg ha unntak frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. Det er berre vanleg treningsaktivitet internt i klubben, lag og foreningar for barn og unge som er tillatt, kampar, cupar, stevner osb må framleis utsetjast.
 
  • Idrett og fritid for vaksne:
Tilrådinga om å ikkje drive organisert aktivitet innandørs er oppretthalde. Vaksne kan trene utandørs om det er mogeleg å halde god avstand.
 
  • Kulturarrangement:
Kulturarrangement som forestillingar, oppvisningar, kurs/konferanser og trus- og livssynseremoniar må utsettast om dei samlar personar frå fleire kommunar.
  • Private samankomstar:
Dei fleste private samankomstar bør utsetjast eller avlysast.
Om dei likevel må haldast, gjeld følgjande reglar:
Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heime, til dømes ein bursdag i eit leigd lokale. Utandørs er grensa 20 personar.
 
  • Arrangement:

Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar osv. Inntil 200 personar i “fastmonterte seter” (t.d. ein kinosal).
I gravferder kan det uansett vere inntil 50 personar.
Utandørs kan det vere 200 personer på arrangement. Inntil 600 personar i “fastmonterte seter”.
 

  • Nasjonalt skjenkeforbod:
Det nasjonale retningslinene om skjenking av alkohol på serveringsstadar er vidareført inntil vidare. 
 

 


16.10.20: Kan du bidra innan helsevesenet dersom vi treng meir bemanning i samband med koronapandemien? Kommunen ynskjer å skaffe ein oversikt over innbyggarar som held på med helsefagleg utdanning, har helsefagleg formalkompetanse eller arbeidserfaring som kan vere villig til å bidra i Seljord kommune sin helse- og omsorgsteneste i samband med handteringa av koronavirus i kommunen. Dette gjeld folk som ikkje er tilsette i Seljord kommune frå før av. Registrer deg her. 

 

Du finn oversikt over alle kommunale nyheiter på kommunen sine heimesider her - OBS! Bruk søkefunksjonen, men sjekk dato for publisering, ting endrar seg fort!  Vi brukar også Facebooksida vår til å dele nyheiter, så gå inn og fylgj sida, du får mykje nyttig informasjon der. 

Symptom og testing

Behov for testing?

Du kan tinge time via:

Om testing for korona: Seljord fylgjer dei sentrale retningslinene frå FHI for testing, les meir på FHI si heimeside om kva du gjer om du trur du er sjuk, og informasjon om testkriterier

  • Treng du å teste deg? Start med å gå inn på www.koronasjekk.no. Svar på dei enkle spørsmåla på nettsida, for å sjå om du bør ta en koronatest.
  • Korleis kan du skilje symptom på covid-19 frå symptom på forkjøling? FHI informerer 
  • Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117 og fylgj råda og rettleiinga derfrå. 
    Det er viktig at du opplyser om kvar du har vore, og om eventuell kontakt med smitte. Folkehelseinstituttet
  • Prøvesvar etter koronatest sjekkar du sjølv på https://helsenorge.no/
  • Informasjon til deg som har teke koronatest. Informasjon på fleire språk - FHI

Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust, spesielt viss ein har vore på reise innanlands eller utanlands i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagere på dette.

Andre sjukdomar
Dersom du har symptom som du vanlegvis ville ha kontakta legekontoret eller legevakta for, skal du framleis ta kontakt. Legesenteret  har ikkje stengt, men viss det er lenge å vente før vi svarar, så er det fordi vi får veldig mange telefonar nå om dagen.

MERK:

  • Pasientar må ikkje kome til legekontoret eller legevakta med luftvegsproblem utan avtale på førehand
  • Dei som har ei lett forkjøling og ikkje treng legetilsyn, bør halde seg heime til ein dag etter at dei er friske
  • Pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukdomar må framleis skal ta kontakt med legen sin
  • Ikkje la vere å ta kontakt fordi du trur vi har så mykje å gjere, eller fordi du er redd for å vere til bry.

Smittevern og førebygging

Dei viktigaste hygieneråda:

  • Vask hendene ofte og grundig
  • Host og nys i et papirlommetørkle som skal kastast etter bruk
  • Hald generell avstand til folk
  • Hald avstand til personar med luftvegssymptom
  • Unngå å handhelse og klemme kvarandre

Er du sett i karantene:

  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser
  • ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre, t.d. butikkar

Smittestopp-appen:
På sikt vil vaksiner kunne hjelpe oss ut av pandemien. Fram til då treng vi framleis andre tiltak. Last ned den nye Smittestopp-appen, og gi beskjed til andre viss du blir smitta. Bli med å bringe kvardagen tilbake.
Tips om korleis appen fungerer og korleis du lastar den ned:

Andre offisielle råd om smittevern:

 

 

Vanar som førebyggjer smitte.png

Barnehage og skule

Når skal sjuke barn haldast heime frå barnehage og skule?  FHI

Luftvegssymptom, når skal barnet vere heime? Gjeld barn i barnehage- eller barneskulealder FHI 

Råd om når ein skal vere heime ved sjukdom - tilsette og barn/elevar i barnehage og skule. Udir 

Regjeringen.no/tema - info til foreldre og barn om koronasituasjonen

Opplegg og organisering for barnehage, skule og SFO:

  • Det er ordinære opningstider i barnehagane og SFO
  • Alle elevar møter på skulen kvar dag, unntak for ungdomstrinnet pr. 4.1.21.
  • Skuleskyss går som normalt. Elevane fylgjer retningsliner gitt av eigen skule

Alle barn og elevar skal framleis ha med niste, drikke får dei i barnehage og SFO. Kostpengane blir tilsvarande redusert.

Udir - nye smittevernrettleiingar.  I dei nye rettleiingane frå slutten av mai opererer ein med nivåinndeling av smitteverntiltak, ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. Seljord kommune er på gult nivå inntil vidare med dei krava til smittevern, handhygiene, krav til gruppestorleik, inndeling i faste grupper/kohortar, og krav til å halde avstand som ligg i gult nivå.

Viss redusert opningstid i barnehage og SFO
Ved redusert opningstid vil det vere mogleg med tilbod om utvida opningstid for foreldre med samfunnskritiske oppgåver eller sårbare barn.

Barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.  
Skule- og barnehageeigarar har ansvar for å sørge for eit tilbod til barn med føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Det er to moglegheiter for å få tilbod: 

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon 
  2. Personell med andre verksemdskritiske oppgåver, sjå oppdatert oversikt i lenka nedanfor

Lenke til oversikt over kritiske samfunnsfunksjonar på Regjeringen.no  

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år
  • Det er tilstrekkeleg at éin føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
  • Det finst ikkje andre moglegheiter for barnepass
  • Arbeidsgivar må på førespurnad kunna stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve

Barn og unge med særskilte omsorgsbehov.                                                                                     

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skule og barnehage gir unntak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna. Dette handlar òg om barn og unge som barnevernet gir hjelpetiltak til, er i fosterheim eller dei som kommunen av andre årsaker meiner har eit særskilt behov.

Enkelte elevar har enkeltvedtak om mellom anna spesialundervisning eller særskild språkopplæring. I perioden skulane er stengde, vil det ikkje vera mogleg for skuleeigarane å gi ei opplæring som fullt ut er i samsvar med desse vedtaka. Det same gjeld for barn som har enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.

Søke om utvida tilbod i barnehage/SFO:
Føresette må søke på eige søknadsskjema, sjå lenger ned på sida. Søknad skal sendast til aktuell eining.

  • Seljord barnehage, Heddeli og Tussejuv: heidi.haugerud@seljord.kommune.no
  • Flatdal oppvekstsenter, barnehage: nina.bakkaker@seljord.kommune
  • Flatdal oppvekstsenter, SFO: pia.robertsen@seljord.kommune.no
  • Seljord SFO: kjersti.bollerud@seljord.kommune.no

Kryss av for kva kategori du ynskjer at søknaden skal bli behandla etter og skriv ein grunngjeving. For kategori 1 og 2 (samfunnskritiske funksjonar) må føresette føre opp namn på arbeidsgivar/stilling og kva for funksjon eller oppgåver ein har.

Søknadar blir fortløpande behandla etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar og føringar.  

Nyttig informasjon om ordninga

Helsenorge.no Annan informasjon retta mot foreldre, barn og unge 

regjeringen.no  Liste over verksemder med kritisk samfunnsfunksjon og nøkkelpersonell som kan få tilbod om plass i barnehage og barneskole,

Ofte stilte spørsmål om barnehage og skule. Udir

Kommunale tenester og lokal informasjon

Dei fleste kommunale verksemder er nå opne, men med ulike smitteverntiltak og kanskje med reduserte opningstider, sjå informasjon om ordinære tilbod under dei ulike tenestene på heimesida om du ikkje ser noko her:

Beredskapsleiinga i Seljord kommune:

  • Ordførar Beate Marie Dahl Eide
  • Varaordførar Sondre Aasan
  • Konst. rådmann Frid Berge
  • Kommunelege Kine Jordbakke
  • Kommunalsjef skule og oppvekst Ronde Schade
  • Kommunalsjef helse og omsorg Lillian Olsen Opedal
  • Loggførar Anne Bente Kasland Groven
  • Kommunikasjonsrådgjevar/næringssjef Asbjørn Storrusten

 

Reiser/arrangement

Nyttige lenker - sentral informasjon

 

Informasjon og råd til barn, unge og familiar

Regjeringen.no/tema - info til foreldre og barn om koronasituasjonen

For barn og unge:

  • Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. I informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål.
  • Informasjon og gode råd finn du også her frå NRK
  • Har du bruk for å snakke om korleis du har det, kan du ringe eller chatte på Kors på Halsen  eller chatte på Snakk om psyken 

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Kjenner du at det ikkje er trygt i heimen din? Både vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon for råd og rettleiing. 
På kvardagar kan du også ringe Barnevernvakta, mellom 08-16, på telefon 350 55 400

For foreldre og omsorgspersonar:

I denne tida, der kvardagen er annleis, mykje er usikkert og dei vaksne følger med på situasjonen, gjer tiltak og uroar seg, er det naturlig om barn blir bekymra og redde. Når barn er redde for korona, er det viktig at vi vaksne i samtale med dei bekreftar og anerkjenner følelsane deira. Vi må vise at det både er greitt og forståeleg at dei har det slik og at vi vil vite om det og hjelpe dei.
Vidare er det viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vi vaksne snakkar om, og frå tv, radio, avisforsider og sosiale medier. Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilete av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge.

Tips til aktivitetar i tider med skular og barnehagar stengt:

Informasjon om psykisk helse - råd og tips

Tilbod om tenester innan psykisk helse og rus i Seljord kommune i samband med Covid-19

Dei tilsette må i denne perioden gjere det som er mogleg for å redusere smitterisiko, noko fører til at avdelinga for psykisk helse og rus har redusert tilbod. Det vil seie at gruppetilbod er avlyst og at tenesta i størst mogleg grad gjer tilbod per telefon.
Det er mogleg å nå tenesta på kvardagar mellom kl. 08:00 – 21:00 på vakttelefonen: 91 86 78 49.

Generell informasjon om tilbodet innan psykisk helse og rus i Seljord 

Ring nokon - spør nokon - lytt til nokon Plakat og facebookside frå Helsedirektoratet 

Sjå også informasjon hos Mental Helse

6 råd for å dempe uro

Det er mange som reagerer med uro på korona-pandemien. Alle som er sårbare for stress kan oppleve å bli meir urolig, irritabel, fjern og kan vere mindre rasjonell enn vanleg.

Når vi anar at noko er farleg, reagerer kroppen automatisk. For eksempel kan musklane bli spente og fordøyelsen kan stoppe opp. Når vi merkar at kroppen går i faremodus blir vi redde. Det er naturlege reaksjonar som hjelper oss med å flykte eller kjempe i akutte situasjonar. Når faren er diffus og teoretisk, sånn som nå, blir desse automatiske reaksjonane meir forstyrrande. Dei gjer at vi tenkjer mindre med fornufta og meir med følelsane.

Her er 6 råd for å dempe uro og bekymring:

1. Sett deg inn i anbefalingane frå myndigheitene
Den beste informasjonen om koronaviruset finn ein på helsenorge.no og nrk.no. Informasjonen er nøktern og lett forståeleg. Det er ikkje lurt å søkje informasjon i mindre seriøse medie, som kan overdrive og forvrenge for å skape sensasjon og auke salstala.

2. Avgrens tida du følger nyhende om pandemien
Vi treng å følge råda til myndigheitene, men vi trenger ikkje å oppdatere oss på nyhende heile tida - det aukar berre stresset og uroa.

3. Fyll hovudet med noko anna
Det er bra å vere oppteken med noko anna enn pandemien. Det kan vere underhalding, film, spel, leik, lesing, lydbøker, radio, podcast, rydde, hobbyar.

4. Bruk kroppen
Det enklaste og beste er i grunnen å vere i fysisk aktivitet. Gå ein tur. Det roar kroppen og tankane, gjer oss meir robuste og gjer det lettare å sovne om kvelden.

5. Gjer noko for andre
Hjelp andre med praktiske ting eller med å roe seg ned. Gjer noko hyggeleg saman. Hjelp andre ved å prøve å ikkje bli sjuk sjølv og ved å ikkje smitte vidare. Hjelp andre gjennom å ikkje handle meir enn du treng. Det er også ei hjelp for andre å dempe eiga uro, å vere ein trygg person for andre.

Og så eit råd til dei som må vere heime, med eller utan barn:

6. Hold på døgnrytmen
Stå opp tidleg, et frukost, lunsj og middag på same tid kvar dag, og legg det til same tid. Kroppen er eit vanedyr, og når vi manglar struktur, blir kroppen meir uroleg. Rutinar førebygger konfliktar og skaper føreseielege og trygge kvardagar.

6 gode råd – utarbeida av Jens Tennebø Jensenius, kommunepsykolog i Lillesand