Lokal informasjon - Status i Seljord kommune

Sjå også punktet "Lokale informasjonsskriv - tiltak" - der finn du dokument i fulltekst.

23.3.20: Fysioterapitenesta melder at publikum kan ringe fysioterapeutene Ida Tollehaugen, tlf. 90671180, Ragnhild Skrede, tlf. 41254272 og Ole Petter Østevik, tlf.  90876187  ved spørsmål om muskel/skjellett-plager. Også ved spørsmål etter ortopediske operasjoner, tips om avspenning og lettere treningstips. Pasienter som allerede er i systemet kan også ringe for å få oppfølging på telefon.

19.3.20: Kartleggingsskjema for å få tak i frivillige folk til helsetenesta

Det er pr. dags dato ingen i Seljord med påvist smitte. Det er nokre innbyggjarar som er i heimekarantene.

Tiltak i Seljord kommune i samband med fare for koronasmitte, pr. 18.5.20:

  • Granvin kulturhus med Sterke-Nilssenteret er stengt. Biblioteket er ope, men har redusert opningstid.
  • Vaksenopplæring
  • Kulturskule opnar 18.mai etter særskide retningsliner.
  • Alle fysiske møte og arrangement er inntil vidare avlyst
  • Kommunehuset blir opna for besøkande inn til vidare. Vi oppfordrar publikum til å gjere avtale med saksbehandlarar og du finn elles telefonnummer og informasjon på heimesida under Kontakt oss.
  • Sentralbordet er ope frå kl. 9.00-14.00 kvar dag. Du kan kontakte tilsette på telefon frå kl 07.45 - 15.00 kvar dag.
  • Det er oppretta ei  telefontenesta til barn og unge: “Hjartetelefonen” mobil 905 83 771. Open måndag-fredag 12-22 (I helga 12- 17). 
  • Kommunen har lagt ut ei samleoversikt over korleis du kan få varer heimkøyrd, sjå Lokale informasjonsskriv og tiltak

Vi oppmodar alle til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via offentlege kanalar, sjå lenker lenger ned på sida.
Vår fremste oppgåve er å sikre at folk får dei helse- og omsorgstenester dei treng og at drifta i kommunen blir halde oppe, sjølv om det kan bli på eit redusera nivå enkelte stader.
Beredskapsleiinga i kommunen møtast jamleg for å halde seg oppdatert på situasjonen og vurdere kva tiltak som trengst. Vi fylgjer situasjonen nøye og ber alle halde seg oppdatert på nasjonale tilrådingar som kjem via mediebiletet og offentlege myndigheiter, sjå lenker nedanfor.

Seljord kommune følger dei til ein kvar tid gjeldande anbefalingar frå FHI, og sett desse retningslinene for alle tilsette:

  1. Alle fysislke arrangementet og møte i Seljord kommune er avlyst inn til vidare. 
  2. Våre omsorgsinstitusjonar er stengt for besøkande for å i størst mogleg grad hindre smitte til sårbare grupper.
  3. Vi avstår frå jobbreiser.
  4. Deltaking på konferansar og store samlingar er stoppa inn til vidare.
  5. Nasjonale karantenereglar og vedtak om reiseforbod har gjort det uaktuelt for våre tilsette å reise på ferie til stader utanfor dei nærmaste kommunane. Sjå  Om karantenepåbod, innreiseforbod og andre ting mange spør om. Dette for å unngå unødig smitte og karantenetid. Smittesituasjonen og reiseråda er i rask endring. Sjå UDs reiseråd
  6. Dei tilsette som har anledning til å ha heimekontor, bør ta det så langt det er praktisk mogleg. Dette kan avklarast med næraste leiar.

Utover dette gjeld framleis dei viktigaste hygieneråda:

  • Vask hendene ofte og grundig
  • Host og nys i et papirlommetørkle, kast i søpla etter bruk
  • Hald avstand til personar med luftvegssymptom 
  • Hald avstand til folk generelt 
  • Unngå klemming og handhelsing

Alle arrangørar må halde seg spesielt oppdatert på sidene til Folkehelseinstituttet og følgje dei råd som til einkvar tid er gjeldane,  https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/ 

Tilrådingar som blir gjevne i dag, kan endre seg i morgon. Utviklinga skjer raskt, og difor er det viktig at den enkelte held seg oppdatert om situasjonen.

Beredskapsleiinga i Seljord kommune er nedskalert og består nå av:

  • Ordførar Beate Marie Dahl Eide
  • Rådmann Finn-Arid Bystrøm
  • Kommunelege Kine Jordbakke
  • Kommunalsjef skule og oppvekst Even Fossum Svendsen
  • Kommunalsjef helse og omsorg Lillian Olsen Opedal
  • Loggførar Anne Bente Kasland Groven

Om du føler deg sjuk

Om testing for korona: Seljord fylgjer dei sentrale retningslinene frå FHI for testing, du finn meir informasjon på FHI si heimeside om kva du gjer om du trur du er sjuk, og informasjon om testkriterier

Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust, spesielt viss ein har vore på reise innanlands eller utanlands i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagere på dette.

Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117 og fylgj råda og rettleiinga derfrå

Det er då viktig at dei opplyser om kvar dei har vore, og om eventuell kontakt med smitte.
Folkehelseinstitttet

Andre sjukdomar

Dersom du har symptom som du vanlegvis ville ha kontakta legekontoret eller legevakta for, skal du framleis ta kontakt. Legesenteret  har ikkje stengt, men viss det er lenge å vente før vi svarar, så er det fordi vi får veldig mange telefonar nå om dagen.

Du kan tinge time via:

MERK:

  • Pasientar må ikkje kome til legekontoret eller legevakta med luftvegsproblem utan avtale på førehand
  • Dei som har ei lett forkjøling og ikkje treng legetilsyn, bør halde seg heime til ein dag etter at dei er friske
  • Pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukdomar må framleis skal ta kontakt med legen sin
  • Ikkje la vere å ta kontakt fordi du trur vi har så mykje å gjere, eller fordi du er redd for å vere til bry.

Barnehage og skule

Skulene opnar opp for 5.-7.trinn og ungdomstrinnet tysdag 12.mai 2020. For å klare opninga etter smittevernreglane og den nye rettleiinga frå Udir, vil det bli ei organisering for å unngå for mange elevar i skulebygga samstundes.  Du kan lese om organiseringa i lista under

Barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.  
Skule- og barnehageeigarar har ansvar for å sørge for eit tilbod til barn med føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Det er to moglegheiter for å få tilbod: 

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon 
  2. Personell med andre verksemdskritiske oppgåver, sjå oppdatert oversikt i lenka nedanfor

Lenke til oversikt over kritiske samfunnsfunksjonar på Regjeringen.no  

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år
  • Det er tilstrekkeleg at éin føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
  • Det finst ikkje andre moglegheiter for barnepass
  • Arbeidsgivar må på førespurnad kunna stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve

Barn og unge med særskilte omsorgsbehov.                                                                                     

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skule og barnehage gir unntak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna. Dette handlar òg om barn og unge som barnevernet gir hjelpetiltak til, er i fosterheim eller dei som kommunen av andre årsaker meiner har eit særskilt behov.

Enkelte elevar har enkeltvedtak om mellom anna spesialundervisning eller særskild språkopplæring. I perioden skulane er stengde, vil det ikkje vera mogleg for skuleeigarane å gi ei opplæring som fullt ut er i samsvar med desse vedtaka. Det same gjeld for barn som har enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.

Søke om utvida tilbod i barnehage og skule:
I.o.m. at barnehage og skule/SFO startar litt forsiktig med noko kortare opningstid, kan det vere behov for utvida tilbod for barn i dei toi gruppene nemnd ovanfor.
Føresette må søke på eige søknadsskjema, sjå lenger ned på sida. Send søknaden til oppvekst@seljord.kommune.no

Kryss av for kva kategori du ynskjer at søknaden skal bli behandla etter og skriv ein grunngjeving. For kategori 1 og 2 (samfunnskritiske funksjonar) må føresette føre opp namn på arbeidsgivar/stilling og kva for funksjon eller oppgåver ein har.

Søknadar blir fortløpande behandla etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar og føringar. Rådmannen avgjer etter innstilling frå kommunalsjef. Det er ikkje mogleg å klage på vedtaket som gjeld samfunnskritiske funksjonar.

Seljord, 18.mai 2020
Even Fossum Svendsen, kommunalsjef

Nyttig informasjon om ordninga

Helsenorge.no Annan informasjon retta mot foreldre, barn og unge 

regjeringen.no  Liste over verksemder med kritisk samfunnsfunksjon og nøkkelpersonell som kan få tilbod om plass i barnehage og barneskole,

Ofte stilte spørsmål om barnehage og skule. Udir

Hjartetelefonen

Informasjon og råd til barn, unge og familiar

Hjartetelefonen for barn og unge,
Ring 905 83 771
Seljord kommune har opna ein telefon for deg som er under 18 år og som er usikker, redd eller har nokre spørsmål rundt utbrotet av Koronaviruset, Covid-19, og alle endringane dette medfører i kvardagen. Har du noko du lurar på, eller vil snakke om nå nar dagane er så annleis? Med oss kan du snakke om kva du vil, ingenting er for stort eller for lite.

Du treng ikkje sei kva du heiter dersom du ikkje vil det, og dei du får prate med har teieplikt. Det betyr at dei ikkje kan sei vidare det du fortel til nokon andre. Du får prate med ein vaksen som til dagleg jobbar med barn og unge i Seljord kommune.

Telefonen vil vera open frå kl. 12.00 – 22.00 på kvardagar og kl. 12.00-17.00 i helgene. 

Snapchat
Du vil og kunne nå folka bak Hjartetelefonen på Snapchat. Søk etter Hjartetelefonen.  

For barn og unge:

  • Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. I informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål.
  • Informasjon og gode råd finn du også her frå NRK
  • Har du bruk for å snakke om korleis du har det, kan du ringe eller chatte på Kors på Halsen  eller chatte på Snakk om psyken 

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Kjenner du at det ikkje er trygt i heimen din? Både vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon for råd og rettleiing. 
På kvardagar kan du også ringe Barnevernvakta, mellom 08-16, på telefon 350 55 400

For foreldre og omsorgspersonar:

I denne tida, der kvardagen er annleis, mykje er usikkert og dei vaksne følger med på situasjonen, gjer tiltak og uroar seg, er det naturlig om barn blir bekymra og redde. Når barn er redde for korona, er det viktig at vi vaksne i samtale med dei bekreftar og anerkjenner følelsane deira. Vi må vise at det både er greitt og forståeleg at dei har det slik og at vi vil vite om det og hjelpe dei.
Vidare er det viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vi vaksne snakkar om, og frå tv, radio, avisforsider og sosiale medier. Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilete av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge.

Tips til aktivitetar i tider med skular og barnehagar stengt:

Korleis du kan bidra til å førebyggje smitte

Plakat, pdf: Hald avstand. råd frå Folkehelseinstituttet

Dei viktigaste hygieneråda:

  • Vask hendene ofte og grundig
  • Host og nys i et papirlommetørkle som skal kastast etter bruk
  • Hald generell avstand til folk
  • Hald avstand til personar med luftvegssymptom
  • Unngå å handhelse og klemme kvarandre. 

Er du sett i karantene:

  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser
  • ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre, t.d. butikkar

 

Vi oppmodar befolkninga om å følge dei same retningslinjene som våre tilsette. 

Vanar som førebyggjer smitte.png

Informasjon om psykisk helse - råd og tips

Tilbod om tenester innan psykisk helse og rus i Seljord kommune i samband med Covid-19 og koronaviruset

Dei tilsette må i denne perioden gjere det som er mogleg for å redusere smitterisiko, noko fører til at avdelinga for psykisk helse og rus har redusert tilbod. Det vil seie at gruppetilbod er avlyst og at tenesta i størst mogleg grad gjer tilbod per telefon.
Det er mogleg å nå tenesta på kvardagar mellom kl. 08:00 – 21:00 på vakttelefonen: 91 86 78 49.

Generell informasjon om tilbodet innan psykisk helse og rus i Seljord 

Sjå også informasjon hos Mental Helse

6 råd for å dempe uro

Det er mange som reagerer med uro på korona-pandemien. Alle som er sårbare for stress kan oppleve å bli meir urolig, irritabel, fjern og kan vere mindre rasjonell enn vanleg.

Når vi anar at noko er farleg, reagerer kroppen automatisk. For eksempel kan musklane bli spente og fordøyelsen kan stoppe opp. Når vi merkar at kroppen går i faremodus blir vi redde. Det er naturlege reaksjonar som hjelper oss med å flykte eller kjempe i akutte situasjonar. Når faren er diffus og teoretisk, sånn som nå, blir desse automatiske reaksjonane meir forstyrrande. Dei gjer at vi tenkjer mindre med fornufta og meir med følelsane.

Her er 6 råd for å dempe uro og bekymring:

1. Sett deg inn i anbefalingane frå myndigheitene
Den beste informasjonen om koronaviruset finn ein på helsenorge.no og nrk.no. Informasjonen er nøktern og lett forståeleg. Det er ikkje lurt å søkje informasjon i mindre seriøse medie, som kan overdrive og forvrenge for å skape sensasjon og auke salstala.

2. Avgrens tida du følger nyhende om pandemien
Vi treng å følge råda til myndigheitene, men vi trenger ikkje å oppdatere oss på nyhende heile tida - det aukar berre stresset og uroa.

3. Fyll hovudet med noko anna
Det er bra å vere oppteken med noko anna enn pandemien. Det kan vere underhalding, film, spel, leik, lesing, lydbøker, radio, podcast, rydde, hobbyar.

4. Bruk kroppen
Det enklaste og beste er i grunnen å vere i fysisk aktivitet. Gå ein tur. Det roar kroppen og tankane, gjer oss meir robuste og gjer det lettare å sovne om kvelden.

5. Gjer noko for andre
Hjelp andre med praktiske ting eller med å roe seg ned. Gjer noko hyggeleg saman. Hjelp andre ved å prøve å ikkje bli sjuk sjølv og ved å ikkje smitte vidare. Hjelp andre gjennom å ikkje handle meir enn du treng. Det er også ei hjelp for andre å dempe eiga uro, å vere ein trygg person for andre.

Og så eit råd til dei som må vere heime, med eller utan barn:

6. Hold på døgnrytmen
Stå opp tidleg, et frukost, lunsj og middag på same tid kvar dag, og legg det til same tid. Kroppen er eit vanedyr, og når vi manglar struktur, blir kroppen meir uroleg. Rutinar førebygger konfliktar og skaper føreseielege og trygge kvardagar.

6 gode råd – utarbeida av Jens Tennebø Jensenius, kommunepsykolog i Lillesand

Spørsmål og svar

 

Råd ved store arrangement og møte

Les informasjonen til Folkehelseinstituttet her

Folkehelseinstituttet rår arbeidsplasser og studiestader til så langt som mogleg å tilretteleggje for videokonferansar og heimekontor/fjernundervisning, fleksible arbeidstider, utvida spisetider i kantineog unngå unødvendige samankomstar og møte, sjå Folkehelseinstituttet.

Informasjonsskriv frå Seljord kommune til næringsliv, lag og organisasjonar og arrangørar

Om du skal ut på reise/har vore på reise

Utenriksdepartementet (UD) rår folk til ikkje å reise viss det ikkje er strengt nødvendig.  Reisande bør følge med på UDs reiseinformasjon og nyheter, da rådene kan endre seg raskt.

Karantene betyr:

  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser
  • ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre, t.d. butikkar

Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust etter å ha vore på reise innanlands eller utanlands i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagere på dette. Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117. Det er då viktig at dei opplyser om kvar dei har vore, og om eventuell kontakt med smitte.