Lokal informasjon

Du får beskjed når det er din tur - ikkje ring!
Du blir innkalla. Når kommunen får bekrefta at vaksine er på veg, sett vi av datoar og bestemmer kven som står for tur ut frå prioriterings-lista. Datoane blir annonsert så langt det er praktisk mogeleg. Vi legg også ut beskjed på Facebook. Det kan derfor vere lurt å følge kommunen på Facebook i tida framover.

Kort varsel:
Koronavaksinen blir transportert og lagra ved minus 70 grader. Når vaksinen kjem til Seljord, skal den oppbevarast ved 2-8 grader, og den er berre haldbar nokre få dagar etter opptining. Derfor må du rekne med kort frist frå du får tilbod om vaksine til den fyrste vaksinen skal settast.

To datoar og to vaksinar:
Du blir tildelt to datoar fordi du skal ta to dosar. Vaksine nummer to skal ein ta tidlegast 21 dagar etter den fyrste. Det er svært viktig at du tek begge dosane, og det er viktig at du møter opp på dei datoane du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dei to dosane. 

Vaksinasjon blir gjennomført i det gamle REMA-bygget i sentrum.    

Prioritering

Seljord kommune følger den prioriteringa som regjeringa har lagt opp til. I utgangspunktet er det risikogruppene som blir prioritert fyrst, og deretter helsepersonell. Prioriteringa blir i utgangspunktet slik, men dette kan endre seg: 

  1. Bebuarar i sjukeheim  
  2. Personar over 85 år 
  3. Personar frå 75 til 85 år
  4. Personar frå 65 til 74 år 
  5. Personar i alderen 18–64 år med bestemde underliggande sjukdomar
  6. Helsepersonell

Her finn du ei oversikt frå FHI over når vi forventar å kunne vaksinere ulike grupper mot covid-19. Dette er eit eit anslag, men Seljord kommune ligg godt an ut frå denne oversikta. Sjå Vaksineringsscenario frå FHI