Me har alle eit ansvar for å passe på at me ikkje går tome, og derfor er det viktig at du følgjer reglane for utlevering av hurtigtest.
Det er to indikasjonar for at du skal teste deg:

  •         Du har symptom på korona
  •         Du er nærkontakt eller har fått beskjed av helsemyndigheitene i kommunen om å teste deg         

Det er ingen grunn til å teste seg fleire gonger enn du har fått beskjed om. Følg nasjonale og lokale retningsliner. Reglane for kven som skal teste seg:

  • Alle som bur i husstanden skal teste seg med ein gong og vere i karantene til negativt svar ligg føre. Dette kan du gjere med hurtigtest eller PCR.
  • Vaksne husstandsmedlemmar som ikkje blir heime, testar seg dagleg i 7 dagar etter siste eksponeringsdag (som betyr siste dag dei har vore utsett for smitte). Dette er uavhengig av vaksinasjonsstatus.
  • Andre nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar skal teste seg med ein gong dei får beskjed om at dei er nærkontakt, og vere obs på symptom dei neste 10 dagane. Det er ikkje behov for nye testar i denne gruppa viss dei ikkje får symptom.

Takk for at du bidreg til god handtering av pandemien i kommunen vår!