Kontingentkassa - ny ordning for å stimulere barn og unge frå låginntektsfamiliar til å delta i organiserte fritidsaktivitetar

Publisert , Oppdatert 07. oktober 2019
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kommunevåpenet i Seljord

Seljord kommune har etablert ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit samarbeid med Telemark idrettskrets og Gjensidigestiftinga.Søknadar vil bli handsama fortløpande (ingen søknadsfrist), og midlar blir fordelt til kassa er tom. Ordninga gjeld barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, og som er del av familiar med låg inntekt.  

Det er berre laget/organisasjonar (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget o.l.) som kan sende søknad til kommunen etter ei vurdering av behov. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, sosiallærar, flykingskonsulent, helsesjukepleiar, miljøterapeutar, barnevernstenesta  m.m. kan og søkje. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølve.

Les meir om ordninga her

Søknadsskjema finn du på skjemasida

Du kan og laste ned skjemaet her