Seljord kommune vil tilrå at uvaksinerte nå ikkje gjennomfører unødvendige reiser, besøk og tilstellingar til/ i Skien og Porsgrunn kommune.

Smittesituasjonen i Skien og Porsgrunn er uoversiktleg og aukande. Risikonivået i desse to kommunane er høvesvis på 4 og 3. I FHI sine smittetall er det nå i Skien 388 smitta pr. hundretusen innbyggjar (siste 14 dagar). Til samanlikning er same tal i Oslo 233.

Ein blir bekymra då ein veit det er mange frå Seljord som reiser til Skien og Porsgrunn.

Nasjonale råd er at uvaksinerte skal unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress. Helsereiser/sjukehustime og reiser til arbeids- og studiestad kan ein regne som ei nødvendig reise. Dei som jobbar i nemnde kommuner blir tilrådd heimekontor om mogeleg.

Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør ein utsetje eller avlyse.

Vidare minner kommuneoverlegen om at alle framleis bør avgrense sosial kontakt. Hald minst 1 meter avstand til andre der det er mogeleg, unntak for dei du bur saman med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur aleine. Dette gjeld ikkje for helsetenesta, barnehagar og skular eller andre tenestar for sårbare grupper der det kan hindre normal drift av tenesta. Bruk munnbind der du ikkje kan halde avstand.