Kommunen opnar nå for ein ny runde med søknadar av lokale verksemder om kompensasjon for tapte inntekter/ omsetnad grunna Covid-19.
I denne runden vil kommunen prioritere;  

  • verksemder/ enkeltmannsføretak som har tapt omsetnad/inntekter på utleige av plass for parkering av bilar og campingvogner rundt Dyrskuplassen
  • verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor generelle kompensasjonsordningar
  • andre verksemder som har tapt omsetnad/inntekter grunna Covid-19 pandemien

Nettsøknad: Søknad utføras på www.regionalforvaltning.no,  med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har kome utanfor dei statlege kompensasjonsordningane.

Krav til søknad:

  • Verksemda må vere registrert med namn og organisasjonsnummer, også enkelmannsføretak kan søke.
  • Søknadsbeløp
  • Dokumentasjon for tapet eller dei ekstra kostnadar pga. Covid 19, gjerne med rekneskap frå tidlegare år eller oppsett frå rekneskapsførar.
  • Opplysningar om tidlegare motteken offentleg støtte dei siste 3 år.

Søknadsfrist torsdag 16.september 2021 kl 23.59.

Kontakt;  Næringssjef Asbjørn Storrusten tlf. 917 96 785,  e-post: as@seljord.kommune.no