Råda frå Helsenorge:

  • Ikkje samle fleire til leiketreff eller felles aktivitetar. Målet er å halde avstand for å hindre smitte.
  • Ein blir rådd til å halde minst ein meters avstand.
  • Samver bør avgrensast i tid (få timar).

For å ivareta barns behov for leik med andre barn kan ein ha ein til to faste leikevener og halde seg til dei same leikevenene gjennom denne perioden. Det gjeld også for ungdom.

  • Det er betre å møtast for leik utandørs enn innandørs
  • Ein bør unngå leikeplassar med mange barn samtidig. Tilrådinga om ein meters avstand gjeld også her
  • Utsett bursdagsselskap
  • Avgrens overnattingsbesøk i denne perioden
  • Vask hender ofte, både før, under og etter leik, og ha god hostehygiene

Barn og ungdom med symptom på luftvegsinfeksjon må vere heime og bør ikkje vere saman med andre barn og ungdom utanfor familien. Dette gjeld også ved milde symptom

Barn og ungdom som er i heimeisolasjon eller heimekarantene skal ikkje vere saman med barn og ungdom utanfor husstanden.

Les meir på helsenorge.no