God jol og godt nytt år frå ordførar og kommunedirektør.

Det nærmar seg jol og me går mot slutten av året 2024.

Det har vore eit år som for mange har vore krevjande med tanke på økonomi. Me opplever ei dyrtid som påverkar folk si lommebok. Slik er det også i kommunen.

Me har akkurat lagt bak oss siste kommunestyremøte før nyttår der det blei vedtatt budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028. Me ser at me har for høge driftsutgifter i forhold til inntekter og må foreta omstillingar på kommunens driftsnivå.

Vi skal jobbe saman, på tvers av administrasjon og politisk nivå, for å fortsatt skape gode og trygge tenester og auke det økonomiske handlingsrommet vårt. Takk til alle dyktige tilsette i Seljord kommune.

Kommunen er så heldige at i tillegg til dei offentlege tenestene er det er veldig mange lag og organisasjonar som bidreg aktivt til at me har eit godt og variert kultur -og fritidstilbod til alle innbyggarar. Tusen takk for all frivillig innsats!

Kommunen skal bruke 2025 til å vurdere og analysere korleis me kan utnytte dei byggingane me har og kva for investeringar som me må gjere dei neste åra.

Me vil også invitere deg til å delta og koma med innspel til kommunens samfunnsdel som vil bli lagt ut på høyring på nyåret.

Me vil få ønskje dykk alle ei rektig god og fredfull julehøgtid og eit godt nytt år !

 

Med helsing frå

ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og kommunedirektør Beate Våge Lia