Besøksreglar ved Nesbukti pleie og omsorgssenter pr. 19.2.21
Seljord kommunen er opptatt av å legge til rette for besøk ved vår institusjon i tråd med nasjonale tilrådingar. Me er samstundes opptatt av å skydde dei av våre innbyggarar som er mest utsett for smitte med covid-19. Alle våre bebuarar som kan få vaksine på Nesbukti er no vaksinert mot covid-19, og vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. Det er nokre av bebuarane som av ulike grunnar ikkje kan få¨vaksine, d.v.s. at det framleis kan vere behov for å bruke munnbind.
Bebuarane våre har levd med strenge besøksrestriksjonar, og i tråd med nasjonale føringar kan vi lette litt på nokre av tiltaka. Risikoen for Covid-19 etter vaksinering er betydelig mindre, men risikoen forsvinn ikkje heilt då vaksina ikkje gjev full beskyttelse for alle.
-
Alle besøk bør avklarast med avdelinga i forkant. Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngangen, og vente til personalet kjem.
-
Nesbukti har kviletid mellom kl. 14.00-16.30.
-
Dei tilsette lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk.
-
Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at me skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk med tanke på eventuell smitteoppsporing. Opplysningane vert lagra i 10 dagar.
-
Alle besøkande må svare på spørsmål om Covid-19. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene, skal ikkje besøke institusjonen på 10 dagar.
-
Dersom besøkande blir sjuke innan 48 t etter at dei har vore på besøk, må me kontaktas slik at det kan settast i verk smitteverntiltak så snart som råd.
-
Generelle smittevernråd ved besøk:
-
God handhygiene rett før og etter besøk.
-
Vaksinera bebuarar kan ha nærkontakt med eit begrensa antall uvaksinerte besøkande, og dei same over tid.
-
Viss både bebuar og den besøkande er vaksinera, kan dei ha nærkontakt.
-
Den besøkande bør fortsatt halde minst 1 meters avstand til tilsette og andre bebuarar pga. usikkerheita kring smittespreiing frå vaksinera.
-
Besøk kan skje i fellesareal dersom den besøkande held minst 1 meters avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Dersom det blir vanskeleg å overhalde gjeldande råd om avstand bør besøket skje på bebuarens rom. I nokre tilfelle kan det også vere tilrådd å bruke munnbind.
-
Antall besøkande samtidig kan ikkje vera fleir enn at ein klarer å overhalde anbefalingar om minst 1 meters avstand.
-
Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
-
Me anbefaler at besøkande frå område med mykje smitte ventar i 10 dagar før dei kjem på besøk. Dersom pårørande ynskjer å ta med sine heim, gjeld nasjonale smitteverns råd.
-
Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.
Kontakt avdelingane våre
Viss du ynskjer kontakt eller har spørsmål direkte til nokre av avdelingane - ta direkte kontakt. Du finn kontaktinformasjon her