Pressemelding Seljord kommune 25.01.2021: Innstilling ny rådmann

Administrasjonsutvalet foreslår å tilsetje Rikke Raknes som ny rådmann i Seljord kommune, med Helge Ødegård som andrekandidat.
- Eg er svært glad for at eit samrøystes utval, etter ein god og grundig prosess, rår til at Rikke Raknes vert tilsett som ny rådmann, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide. - Skulle kommunestyret gje si tilslutning til forslaget vil Seljord få ein svært engasjert rådmann med verdifull kommunal leiarerfaring og eit godt tverrfagleg blikk. Eg er òg svært glad for at vi har hatt fleire gode søkjarar til stillinga, der vi etter ein grundig prosess fann at to av desse vil kunne fylle stillinga.

Rikke Raknes er telemarking, og er fødd og oppvaksen i Skien. Raknes har dei siste åra budd i Alta der ho har vore kommunalleder for oppvekst og kultur. Ho har lang erfaring i å jobbe med og i offentlig sektor. Av formell utdanning har Raknes to mastergradar; ein i ledelse frå BI og ein i politivitenskap frå Politihøgskulen.
Ho er spesielt opptatt av å tenke heilskap; - Når alle jobbar saman kan vi få til kva som helst, sier Rikke. Tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid, bulyst, næringsutvikling, folkehelse og frivilligheit er nokon stikkord på kva Raknes er oppteken av. Ho er no på jakt etter bolig i Seljord, og flyttar sørover i løpet av våren.

Om kommunestyret føl den samrøystes tilrådinga frå administrasjonsutvalet vil Raknes starte opp i stillinga seinast 1.juni.  - Eg gler meg veldig til å komme tilbake til Telemark, og komme i gang i den spennande jobben som rådmann i Seljord, sier Raknes.

Endeleg tilsetting skjer i Kommunestyret 4. februar.        

Ordførar Beate Marie Dahl Eide seier ho er svært glad for at Rikke Raknes ønsker å vere med å utvikle Seljord kommune og Seljordssamfunnet vidare.
Administrasjonsutvalet i Seljord kommune har gjennomført heile tilsetjingsprosessen som samla utval, i tråd med evaluering av tilsetjingsprosessen sist kommunen rekrutterte rådmann. Utvalet har vore supplert av ein ekstra representant for dei tilsette (tillitsvalt). Utvalet har ikkje leigd inn ekstern kompetanse i arbeidet.

Utvalet har bestått av: Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp), varaordførar Sondre Aasan (Sp), gruppeleiar Peter Fjågesund (MDG), gruppeleiar Margit Karlsen (H), gruppeleiar Halfdan Haugan (Ap), tillitsvalt Vigdis Øverland (Fagforbundet), tillitsvalt Øyfrid Sande Aufles (Utdanningsforbundet) og tillitsvalt Asbjørn Storrusten (Delta).

Utvalet har vore leia av ordførar Beate Marie Dahl Eide. Det var totalt 6 søkjarar til stillinga. 2 stykker har vore inne til intervju.