Du finn meir informasjon om utvalet på sidene til arbeidsinnvandrerutvalget

Arbeidet til arbeidsinnvandrarutvalet er relevant for fleire område i kommunen, men også frivillige lag og organisasjonar har ei viktig rolle i arbeidet for å integrere og inkludere. For fleire kommunar er i tillegg arbeidsinnvandring viktig for å hindre nedgang i folketalet.

Seljord kommune ynskjer at så mange som mogleg kjem med innspel til arbeidsinnvandringsutvalet, anten direkte til utvalet eller til Seljord kommune.

Døme på innspel kan vere tiltak for betre integrering av arbeidsinnvandrarar og familiane i arbeids- og samfunnsliv, samt tiltak for å dekke arbeidskraftsbehovet lokalt og regionalt.
Utvalet ynskjer og innspel på kva som kan vere særskilde utfordringar eller om det er tiltak ein meiner bør styrkast eller innførast på nasjonalt nivå.

Har du forslag eller innspel, så kan du sende det på e-post til Arbeidsinnvandrerutvalget@kd.dep.no innan 18. februar 2022 eller til post@seljord.kommune.no innan 1.2.2022.

Seljord kommune vil sende uttale etter at saka er drøfta i politiske møte 27. januar og 10. februar 2022.