I veka etter Dyrsku'n vil arbeidet med Brøløs starte opp igjen. I den forbindelse ynskjer kommunen å arrangere eit informasjonsmøte, måndag 16.09.2024 kl.1900, i kommunestyresalen.
Her møter entreprenør med sin prosjektleiar, samt kommunen med nokre representantar. Møtet har til hensikt å gje informasjon til dei som blir berørt av arbeidet, samt at det vil vere mogleg å stille spørsmål om ein har det. Dei som blir direkte påverka har fått ein invitasjon frå kommunen alt, men møtet er åpent for alle som ynskjer å delta.
Vel møtt!