Helsedirektoratet anbefalar at personar med høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom ved Covid19 får tilbod om behandling med legemiddelet Paxlovid. Behandling med Paxlovid kan dempe sjukdomsutviklinga hjå denne gruppa.

Behandling med Paxlovid bør starte så tidleg som mogeleg. Helsedirektoratet anbefalar derfor at personar som har høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom testar seg sjølv kvar dag i inntil fire dagar viss dei får luftveissymptom. Ved positivt resultat eller forverring av symptom, bør ein oppsøke lege raskt, sjå informasjon til innbyggerne på helsenorge.no.

Sjølvtestar kan hentast på legesenteret/legevakta, på Cirkle K Seljord, Joker Flatdal, Steinmoen eller Snarkjøp Åmotsdal.

Medisinen Paxlovid er aktuell for to hovudgrupper:

Du som har alvorlig immunsvikt. Dette kan for eksempel vere du som har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisiner som slår ut immunforsvaret.

Andre med høg risiko for alvorleg sjukdom. Alder er viktigast. Det er særlig du som er over 65 år, som vil ha nytte av medisinen.

Det er også viktig kor lenge det er siden du fikk vaksine. Viss det er mer enn eit halvt år sidan du fikk siste vaksine, er det auka risiko for alvorleg sjukdom. Viss du er over 50 år og aldri har tatt koronavaksine, har du også auka risiko for å bli alvorleg sjuk.

I tillegg har alvorlege kroniske sjukdommar betydning. Blant dei viktigaste kroniske sjukdommane i denne samanhengen er:

  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande/nyleg behandling mot denne
  • Alvorleg hjerte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

For ytterlegare informasjon sjå denne lenka: https://www.helsenorge.no/koronavirus/covid-19/#behandling-av-covid19