Det er gått jordskred ca. 2,4 km frå Nutheim. Området der skred har gått er rydda i dag av Mesta, men vegen opnast ikkje før geolog har undersøkt området, noko som etter planen skal skje tysdag føremiddag. Seljord kommune oppmodar alle til å søkje informasjon på Statens vegvesen sine heimesider, der vil ein få oppdatert informasjon.  Vegstenginga vil påverke kommunens moglegheiter for å levere tenester til innbyggjarar i området. Elevar ved Flatdal skule har fått beskjed frå skulen/kontaktlærar om aktuelt heimearbeid. Andre elevar/heimar som ikkje er kontakta av skulen eller lærar oppmodast til å arbeide med vekeplan eller anna relevant skulearbeid inntil vidare.  Informasjon vil bli sendt på teams, Showbie eller i Visma. Heimetenester blir levera med noko reduksjon, naudsynt bistand i heimen gjerast ved omkøyring om Øyfjell. Det er personell på Steinmoen bu- og servicesenter som kan vere til hjelp ved behov.

Brann og redning er orientert og tek dei naudsynte vurderingane dei skal ved eventuell utrykking.