Vi gjer merksame på at vi ikkje lenger "teller" smittetilfelle. Samfunnet er no i ein normalsituasjon, og reglar for karantene og testing har endra seg. Organisasjonen tek seg av tilfelle som oppstår, smittesporing, testing m.m. ut frå nye reglar. Arbeidet med koronapandemien blir handsama i kommunen sin ordinære organisasjon.
Så sant det ikkje skjer noko med smittesituasjonen som går ut over vanleg kommunal drift og tenesteproduksjon, vil vi ikkje lengre varsle om eventuelle smittetilfelle når dei opptrer i liten skala eller innanfor det ein har kontroll på. Vi vil heller ikkje informere om vekestatus  på vaksinasjon. 

I den situasjonen som var førre veke, blei det sett i gang eit samarbeid mellom helsetenestene og skule/barnehage med massetesting. Skulane og barnehagane har eigne kommunikasjonsplattformar som ein nyttar for å nå alle føresette med informasjon, og det blei nytta i dette tilfellet.

Beredskapsleiinga vurderer at det ikkje er behov for ytterlegare tiltak i samband med Korona-utbrotet i Seljord, men vil minne alle om at du skal vere heime dersom du blir sjuk.
Det er ikkje grunn til å avlyse planlagde arrangement.  

Informasjon om testing o.l. finn du på Koronasidene våre