Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon om Covid-19 ved Bø vidaregåande skule

Publisert , Oppdatert 21. februar 2024
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Det er eit utbrot med Covid-19 ved Bø VGS. Dette har konsekvensar for ein del av  innbyggarane våre då mange av ungdommane våre er elevar ved denne skulen.

Det er sett i gang smittesporing, men det vil ta tid å få oversikt over situasjonen.

 

Inntil vidare:

  • VG 1: Alle elevane på VG 1-trinnet blir sett i karantene, husstandsmedlemmane og nærkontaktar som kjæraster til VG-1-elevane er i ventekarantene. Dei som er i ventekarantene skal ikkje testast inntil vidare, dette på grunn av testkapasitet.
  • VG 2: På grunn av uavklart kontakt med elevar på VG 2, vil heile VG2 bli tilrådd å teste seg i morgon, 25.3.21, og vere i karantene til dei har negativt svar på test. VG 2 er KUN i karantene til testsvar er klart. Husstandsmedlemmar til VG 2 skal ikkje i ventekarantene.
  • VG 3: ikkje definert som kontaktar til smitta elev, og skal ikkje i karantene eller testast.

Nærkontaktene er i ventekarantene til svar på PCR test ligg føre.

Dersom du er i tvil om du er nærkontakt eller ikkje kan du ringe Seljord Helsesenter og be om råd. Får du symptom på Covid-19, og kan vere nærkontakt, er det svært viktig at du sett deg sjølv i karantene og kontaktar legekontoret for å bestille deg ein test.

Telefonnummeret til Helsesenteret 350 65 250. Det er mange som ringer nå om dagen så ver marksam på at det kan bli litt venting. Ikkje legg på, me hjelper deg så raskt me kan.