Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Individuell plan - koordinering av helse- og/eller sosialtenester

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Ein individuell plan skal sørgje for at det alltid er nokon som har ansvar for å koordinere og følgje opp tenestene du får. Koordinatoren skal sikre samarbeid mellom tenestene og framdrift i planen. Som mottakar av tenestene skal du få delta i arbeidet med individuell plan, dersom du ønskjer det.

    Målgruppe

    • Personar som mottar flere typer tenester over tid
    • Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor

    Samarbeidspartnarar

    Har du behov for tenester både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå:
     
    Barnevernslova § 15-9
    Psykisk helsevernlova § 4-1
    Helse- og omsorgstenestelova kapittel 7 og § 7-1
    Pasient- og brukarrettslova § 2-5 og kapittel 7
    Lov om sosiale tenester i NAV § 28
    Spesialisthelsetenestelova § 2-5
    Forskrift om habilitering og rehabilitering kapittel 5

    Lover

    Barnevernsloven
    Helse- og omsorgstjenesteloven
    Pasient- og brukerrettighetsloven
    Psykisk helsevernloven
    Sosialtjenesteloven
    Spesialisthelsetjenesteloven

    Forskrifter

    Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator

    Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du eller pårørande din kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet. Det vil seie at kommunen skal finne ut kva helseteneste eller sosialteneste som skal ha koordineringsansvaret og som skal ta initiativ til samarbeid med dei andre tenestene.

    Vedlegg

    Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.

    Klagemulighet

    Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.
     
    Klageretten er forankra i i fleire lover. Det vil seie at det er dei instansane du får tenester frå som er dei du kan klage på dersom dei ikkje utarbeider individuell plan. den einskilde lova (sjå avsnittet om lover og retningslinjer). Statsforvaltaren er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav og barnevernlova, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovgivinga.
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-08-29 21:21
    Gyldig fra
    2011-04-19