Kommunane skal etter ny opplæringslov fastsetje nye lokale forskrifter for mellom ana skulereglar og permisjonsreglar for skulane i kommunen. Forskrifta erstattar gjeldande reglar og tek til å gjelde frå dei er vedtatt i kommunestyret. 

Gjeldande forskrift om ordensreglar i Seljord kommune er ikkje tilpassa den nye opplæringslova. Det er derfor naudsynt å oppdatere reglane slik at dei er i samsvar med dagens lovverk, og at dei på best mogleg måte fremjar eit godt og trygt skulemiljø. 

Skulereglane skal gje tydelege rammer for elevane og trygge tilsette i arbeidet deira. Forskrifta skal òg sikre at reglane er føreseielege, rettferdige og forståelege for alle partar. 

Det er i praksis få endringar frå ordensreglementet som er gjeldande i dag.  

Ny opplæringslov gjev kommunane ein klar lovfesta plikt til å fylgje opp fråvær, inkludert fråvær som skuldast permisjon.  

Ny lokal forskrift om permisjonsreglar er mykje tydlegare på kvar og når ein kan søkje om permisjon, og sikrar i mykje større grad at permisjonen ikkje går på kostnad av elevens rett til grunnskoleopplæring. 

Høyringsprosess 

Seljord kommune inviterer alle relevante partar, inkludert skuleleiarar, lærarar, elevar, føresette og andre interesserte, til å kome med innspel til forskrifta. 

Frist for høyringssvar: måndag 13.januar 2025