Forskrift om forvalting av hjortevilt sett krav til at kommunen skal utarbeide og vedta mål for bestandane av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt. Det blir vidare oppfordra til at desse måla blir utvikla i tett dialog med m.a. rettighetshavarar.

Målsettingane er utarbeidd med utgangspunkt i dei gamle målsettingane og hovudmålet om ei konsekvent og lik forvalting over tid, og med bakgrunn i eit drøftingsmøte med valdsleiarane i januar.

Dei nye målsettingane skal behandlast politisk i samfunnsutvalet i juni.

Du finn meir informasjon i høyringsbrevet og høyringsutkastet på nettsidene våre under Planar og høyringar