Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for del av Vekan - Seljord kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 detaljregulering del av Vekan lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter fyrste gongs behandling i samfunssutvalet den 09.11.2022.
Formålet med planarbeidet er å auke utnyttingsgraden, samt leggje til rette for bustadføremål innanfor planområdet. Planen er elles i tråd med reguleringsplan for S6 og kommunedelplan for sentrum.
Planen i målestokk 1:1000 med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka, ligg vedlagt og er også er lagd ut på heimesida til kommunen www.seljord.kommune.no

Merknader til saka sender du til Seljord kommunen innan 8. januar 2023 på e-post post@seljord.kommune.no eller Seljord  kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord

Den geotekniske rapporten må sjåast i samanheng med vedlagt e-post frå NVE der NVE vurdere at det ikkje er fare for utløpsområde for kvikkleire. Det er tatt inn krav om vurdering av lokal stabilitet i tråd med NVE sin e-post.

Dokument i saka