1 Helse og omsorg 
Satsane for eigenbetaling for kommunale pleie- og omsorgstenester vert vurdert og justert årleg med verknad frå 1. januar. Tidspunktet for utrekning av konsumprisen er 15. september året før. 

1.1 Maksimal eigenbetaling for heimehjelp/ praktisk bistand og opplæring i Seljord kommune: 

Inntekt        Kostnad
Inntekt mindre enn 2 G  kr   215 pr. månad (etter forskrift) 
Inntekt f.o.m. 2 G t.o.m.  2,5 G   kr   987 pr. månad
Inntekt f.o.m. 2,6 G t.o.m. 3,5 G  kr 2 003 pr. månad
Inntekt over 3,5 G  kr 3 339 pr. månad

Det vert sett ei øvre grense for betalinga etter prinsippet om sjølvkost.
Sjølvkost per 1.1.2022 er utrekna til kr 322 pr. time.
Heimehjelp/praktisk bistand kjem i tillegg for bebuarar på bukollektivet og bu- og servicesenteret.

1.2 Betalingssatsar som eigenbetaling for opphald på Nestunet bukollektiv og dagsenter 

2021 var siste året med regulering av brukarbetaling etter plan frå 2018. I dei komande åra vil brukarbetaling bli regulert etter pris- og lønsauke.
Satsane for 2022 for brukarbetaling på Nestunet er: 

Brukarbetaling Nestunet  2022
 Opphaldsbetaling  kr 12 643
 Opphald dagsenter pr. dag, inkl. kost:   kr      302

Opphaldsbetalinga omfattar: husleige, alle måltida, klesvask og eit aktivitetstilbod ved bukollektivet.

1.3 Betalingssatsar som eigenbetaling for opphald ved Steinmoen bu- og servicesenter 

2021 var siste året med regulering av brukarbetaling etter plan frå 2018. I dei komande åra vil brukarbetaling bli regulert etter pris- og lønsauke.
Satsane for 2022 for  brukarbetaling på Steinmoen er: 

 Brukarbetaling Steinmoen  2022
 Opphaldsbetaling  kr 11 082
 Opphald dagsenter pr. dag, inkl. kost:  kr      302

Opphaldsbetalinga omfattar: husleige, alle måltida, klesvask og eit aktivitetstilbod ved servicesenteret..

1.4 Betalingssatsar som eigenbetaling på Heddelitunet: 

  • Praktisk bistand og opplæring vert fakturert etter gjeldande satsar.
    Husleiga gjeld frå 1.1.2022 og vert justert årleg etter konsumprisindeks, praktisk bistand og opplæring vert justert etter gjeldande vedtak om brukarbetaling for tenesta.
  • Husleige kr 6 884,- per månad. 

1.5 Betalingssatsar måltid ved Heddelitunet og aktivitetssenteret:

Eigenbetaling varierar noko og prisen er berekna ut frå tidlegare satsar. Eigenbetalinga dekker mat. 
Prisane gjeld frå 1.1.2022:

Eigenbetaling ved aktivitetssenteret    2022  
Middag  kr  74
Lunsj/brødmåltid    kr 43
Suppe/grøt  kr 39
Kake/bolle/frukt  kr 10


1.6 Betalingssatsar som eigenbetaling for tryggleiksalarmar: 
Kommunen sin kostander til leverandør for responssenterteneste og leige av alarmar vert lagt til grunn for brukarbetalinga.
Med ny avtale om leige av digitale tryggleiksalarmar og ny responssenterteneste vert prisen redusert med 158 kr i 2021.
Blir truleg justert seinare i i 2022. 

 Betalingssatsar tryggleiksalarmar  2021
 Tryggleiksalarm digital  kr 180


1.7 Betalingssatsar som eigenbetaling ved transport utan løyveplikt: 

 Brukarbetaling etter staten sine satsar for km-godtgjering vert nytta ved sporadisk transport.
 Prisen er gjeldande frå 1.1.2022, og vert justert årleg etter konsumprisindeks.

 Betalingssatsar - transport utan løyveplikt  2022
 Eigenbetaling i samband med dagsturar   kr 25
 Transport ein veg - dagsenter   kr 10


1.8 Betalingssatser for vask av privattøy på vaskeri: 
Prisen gjeld frå 1.1.22 og vert justert årleg etter lønsvekst

 Betalingssats for vask av tøy  2022
 Brukarbetaling for vask av tøy pr. kg  kr 38


1.9 Betalingssatsar for mat til heimebuande: 

Brukarbetalinga vert justert årleg (normalt i desember) i samsvar med prisendring jamfør avtaløe med Dyrskun AS. 
Ny brukarbetaling gjeld frå 1.1.2022:

 Betalinssatsar for mat til heimebuande  2022
 Middag m/dessert:   kr 143
 Middag u/dessert:  kr 129


1.10 Betalingssatsar for omsorgsbustader

Fyljande satsar gjeld frå 1.1.2022 etter konsumprisindeks og interne justeringar jf. standard:

 Omsorgsbustader  2022
 Gamle bustader Heddeli øvre  kr 4 435
 Renovera bustad Heddeli øvre  kr 5 633
 Nye bustader Heddeli øvre  kr 5 633
 Bustader Heddeli nedre  kr 5 173
 Omsorgsbustader Nesbukti  kr 5 866
 Omsorgsbustader Kapteinsgata  kr 6 488